Anmeldelser
LIVSFARE: «Her handlar det om oss sjølve og korleis me stelte oss då våre eigne jødiske landsmenn og – kvinner kom i livsfare», skriv Paul Odland. Her transportskipet D/S Donau i Oslo i november 1942 med norske jødar om bord.
NTB
Kyrkja, krigen og jødane
Ei bok eg trur at den kommisjonen som skal gjennomgå Den norske kyrkja sitt tilhøve til jødane og jødedommen, bør ha som obligatorisk pensum.
Historikaren, forfattaren og journalisten Hans Fredrik Dahl (fødd 1939) tek føre seg kyrkje og kristenfolk sin protest mot måten jødane vart handsama på i Noreg under andre verdskrigen.
Ikkje noko nytt emne, dette, mange har skrive om det same. Men Dahl har nye innfallsvinklar, og han er ikkje redd for korkje å utfordra enn sei provosera. Mange vil hugsa han frå ein debatt på slutten av 1990-talet då han forsvarte den britiske historikaren David Irwing, som er kjent for å ha tydelege nazistiske sympatiar.
Men her handlar det om oss sjølve og korleis me stelte oss då våre eigne jødiske landsmenn og – kvinner kom i livsfare. Protestane var sterke og gode, dei som kom. Men dei kom seint. Om det hadde endra noko om det såkalla «Hebreerbrevet» hadde kome nokre veker eller månadar før «Donau» seglde ut frå Oslo seinhaustes 1942, det får me aldri svar på. Men kanskje det kyrkjelege samvitet kunne vore litt lettare?