ØDELAGT HELSE: Hans Nielsen Hauge satt mange år i fengsel uten dom og under så dårlige forhold at dette til slutt ødela helsen hans, skriver innsenderen.

Inspirerande om Hauge

Den som har lese ein del om og av Hauge før, får her ikkje noko nytt, men ein får kjent stoff presentert på ein fengslande måte

I samband med 250-årsjubileumet for Hans Nielsen Hauges fødsel kjem det ut ulike typar bøker om han og haugerørsla.

Denne boka er ein biografi, men då i ein kategori for seg sjølv. Forfattaren kallar det ein «skjønnlitterær biografi». Eg vil helst kalla det ei forteljingsbok om Hauge, som nærmar seg ein roman, der framstillinga er historisk basert.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Anmeldt/Bok

Inger Anna Maridal Drangsholt

Hans Nielsen Hauge

Fakkelbæreren

Proklamedia 2021

Hft. 284 sider

Driv til framstillinga

Det er altså ikkje ein vitskapleg biografi som går systematisk til verks i framstillinga, og som vurderer kjelder og plasserer Hauge inn i samtida.

Slik sett er dette ikkje eit nybrotsarbeid, men forfattaren byggjer på andre bøker om Hauge.

I stor grad er det episodar i Hauge sitt liv og historier om han som er knytte kronologisk saman, og der det er fletta inn ein del faktastoff i tillegg.

Framstillinga er skjønnlitterær ved at det er brukt mykje direkte tale. Ein god del av stoffet er lagt i Hauge sin munn, og anna i munnen til folk som omgav han. Dette gir driv til framstillinga, slik at denne vert spennande og engasjerande.

Fint å lesa

Det er relativt mykje frå barndomen og ungdomen til Hauge, og frå den første tida etter åndsopplevinga i 1796, men det er sjølvsagt glimt frå heile livet, ikkje minst frå fengselstida.

Den som har lese ein del om og av Hauge før, får her ikkje noko nytt, men ein får kjent stoff presentert på ein fengslande måte. Eg syntest det var fint å lesa boka.

Den kampen Hauge hadde på det åndelege planet og i forhold til samfunnseliten, kjem tydeleg fram. På slutten er det dessutan ein del faktastoff om Hauge og haugianismen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gullgruve

For folk som har lese lite om Hauge, må denne boka vera ei gullgruve. Eg vil også tru at folk frå ungdom til alderdom vil finna framstillinga lettlesa, interessant og lærerik.

Dei som vil ha ei meir systematiske og analytisk framstilling av Hans Nielsen Hauges liv og verksemd, får gå til Alv Magnus si bok «Hans Nielsen Hauge. Mannen som forandret Norge».

Inger Anna Maridal Drangsholt har gjort eit godt arbeid med tanke på ideen med boka, og undertittelen «Fakkelbæreren» passar godt på Hans Nielsen Hauge slik vi her møter han. Boka går inn i serien «Norske kristne helter».