Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Anmeldelser

SPRIKJANDE INNHALD: Utgangspunktet til Kjetil Fretheim, er at Bibelen er uttrykk for ulike menneskelege vitnemål og at den er sprikjande i innhald, skriv Rolf Kjøde.

Har Bibelen eit mangfald av bodskap som sprikjer i alle retningar?

I denne boka slit eg med å finne ein einaste referanse til den fundamentalismen som forfattaren definerer prosjektet sitt opp mot. Har han berre laga seg ein stråmann av ord han ikkje likar?

Publisert Sist oppdatert

Professor Kjetil Fretheim ved MF har skrive ei bok om korleis vi kan tolke og bruke Bibelen i møte med utvalde samfunnsutfordringar. Etter eit opningskapittel der han forklarar bokprosjektet, kjem to kapittel som går meir til det prinsipielle knytt til Bibelen som historie, litteratur og heilag tekst, og korleis vi kan ta den i bruk for å forstå, bevare og forandre.

Utgangspunktet hans er at Bibelen er uttrykk for ulike menneskelege vitnemål og at den er sprikjande i innhald. Dette kjem igjen i kapitla seinare der han ser på Bibelens bruksområde i dagens samfunn. Påstanden er ganske enkelt at «Bibelen er heller ikke enhetlig» (s. 23).

Han refererer rett nok til GT-forskar Brevard Childs og andre som har søkt å sjå Bibelen som ei heilskapleg samling skrift (s. 37), men forfattaren gjer ikkje for intense forsøk på å lese ulike bibelske tekstar opp mot eit slikt utgangspunkt.

Powered by Labrador CMS