Gode glimt frå Openberringsboka

Det har kome enda ei god bok frå Asbjørn Nordborg sin PC.

Denne gongen er det «Glimt fra Johannes åpenbaring», som undertittelen seier det. Det er ikkje ein systematisk gjennomgang av Openberringsboka, men utvalde tekstar.

Les også
Kamp mot religiøs styring og einsretting

Desse er gjennomgått omtrent slik ein vil gjera det i ein bibeltime. Det er ei utlegging av teksten og ei aktualisering inn i våre liv. Gjennomgangen er tekstnær og det er henta inn mange bibelvers frå andre stader i Skrifta – og desse er siterte fullt ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den nye jorda

Alle sendebreva er gjennomgått, og det utgjer halve boka. Det øvrige er frå kapittel ein, og så nokre få stopp før livet på den nye jorda kjem i fokus ved dei to siste kapitla. I tolkinga fylgjer Nordgård bibellærar Lars Eritsland si framstilling i sin kommentar til Johannes Openberring.

Nordgård skriv i føreordet at han har vald tekstavsnitt der «tolkingen synes rimelig klar». I denne boka finn ei difor ikkje gjennomgang av ulike endetidssyn eller kontroversielle tolkingar.

Les også
Val – samfunnssyn og ideologi

Framstillinga er enkel og oversiktleg, samstundes som det skikkeleg substans og stoff både til trøyst og til ransaking. Det er ei oppbyggeleg bok i ordets rette forstand, og difor ei bok mange vil ha nytte og glede av.

Anmeldt/Bok

Asbjørn Nordgård

Se, jeg kommer snart

Glimt fra Johannes åpenbaring

Ebmedia 2021

Hft. 191 sider