EINSEMD: Boka fortel om både svik og samhald, mishandling og kjærleik. Det er flott å merka respekten for menneskeverdet, skriv Paul Odland.

Eit vakkert utskot

Tilhøvet til Margrethe vert aldri endra. Det blir eit slags ikkje-tilhøve. Han snakka aldri korkje med ho eller til ho.

«Roman» står det tydeleg, både på omslaget og tittelsida. Men boka er like mykje ei slektskrønike. Me skal meir enn hundre år attende i tida, til 1914, til ein avsides og trong dal i Austerrike, eit stykke unna næraste landsby. Her bur Maria og Josef Moosbrugger og borna deira. Fire i talet, Heinrich 11 år, Katharina ti, Lorenz ni, Walter fem.

Dødsmeldingane

Dei lever under enkle kår, men dei klarar seg. Men så skjer det fatale; første verdskrig bryt ut og far Josef vert kommandert ut i krigen. Korleis skal det då gå? Josef formanar ordføraren i landsbyen til å sjå etter og ta eit visst ansvar for kona og borna. Det lovar han. Mange reknar med – truleg Josef sjølv også – at han aldri kjem attende.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og det går ikkje lenge før dei første dødsmeldingane frå fronten kjem til landsbyen og dalen. To andre som vart utkommanderte saman med Josef, er drepne. Men Josef klarer seg, og han kjem heimom på permisjon både ei og to gonger den første vinteren.

Mindreverdige

Kva ligg så i tittelen? Pakk på norsk er eit skjellsord når ein nyttar det om folk. I romanen er det dekkande også når det gjeld folk sitt tilhøve til denne familien. Svært få brydde seg om dei. Dei vart rekna nesten som mindreverdige, som utskot. Kanskje kan me samanlikna dei med lagnaden til rom både her i Noreg og andre europeiske land?

Men – det høyrer med til romanen og krønika at mor Maria var ei svært vakker kvinne. Og dermed attraktiv for menn. Mange misunnte Josef at han av alle fekk akkurat henne.

Kven var faren?

Så skjer det at sommaren 1915 kjem nummer fem i familien til verda; Margrethe, ofte berre kalla Grethe. Og rykta går. Tidspunkta for Josef sine permisjonar og dato før fødsel tyder ikkje på at Josef kan vera faren.

Kven er det då som har sett sitt snitt til ein visitt hjå Maria? Kandidatane er mange, både ordføraren, postbodet, og ikkje minst denne litt uklåre personen Georg, som Maria møtte ved eit dyrskue. Han viste stor interesse for å læra Maria betre å kjenna.

Rykta når Josef. Når krigen endeleg er omme, og han – utruleg nok – overlever og kjem heim att, er han avvisande både til Maria, kona si, og endå meir til Margrethe. Dette er svært sårt å lesa om. Tilhøvet til Margrethe vert aldri endra. Det blir eit slags ikkje-tilhøve. Han snakka aldri korkje med ho eller til ho. Tilhøvet til Marie kom seg etter kvart, og det kom to born til i familien, Irma og Sepp.

Personlig nerve

Margrethe vart altså mor til forfattaren Monika Helfer. Det gjev romanen eller krønika ei sterk personleg nerve. Monika vart fødd i 1947, og hugsar godt alle onklar og tanter. Ho prøvde så godt ho kunne å finna ut kva som eigentleg var sanninga om farskapet til si eiga mor, særleg i samtalar med tante Katharina. Men noko heilt klårgjerande svar får korkje Monika – eller me som les denne soga meir enn hundre år i etterkant.

Foreldra sine namn er ekte; Maria og Josef. Men elles er det ein aldri så liten allusjon til Jesu jordiske foreldre (side 147). At Maria var mora – utvilsamt. Men kven var faren?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Boka fortel om både svik og samhald, mishandling og kjærleik. Det er flott å merka respekten for menneskeverdet. Eg har stor forståing for at Helfer har fått prisar både for denne boka og for andre deler av hennar forfattarskap.

PAKK: Eg har stor forståing for at Helfer har fått prisar både for denne boka og for andre deler av hennar forfattarskap, skriv Paul Odland her.
Anmeldt/Bok

Monika Helfer

Pakk

Roman

Omsetjing frå tysk: Ute Neumann

Norsk utgåve 2021: Solum Bokvennen, ib.; 155 sider