NORDFJORDEID: Heile livet har Margit snakka om Jesus heime på Eid.
Agathe Solsvik
Margit (100): - Misjon er verdas viktigaste arbeid
Sjølv som 100-åring legg ikkje Margit Skinlo misjonskallet på hylla. På sjukeheimen finn ho stadig nye måtar å dele trua på.
– Det første ein må få orden på i livet er det med Jesus. Tru på det som står i Bibelen, «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå tapt, men ha evig liv».
Det er Margit Skinlo sitt viktigaste råd til unge i dag.
Gjennom eit heilt hundreår har trua på Jesus og engasjementet for misjon vore den raude tråden i livet hennar.