VIL HJELPE LIBANESERE: Israels forsvarsminister Benny Gantz.
Antiisraelske haldningar er forkledd antisemittisme
Kvifor er ikkje journalistar i stand til å gjera naudsynte undersøkingar om grunnlaget for det dei formidlar?
I KS for 3. juli 2020 har Daniel Asprusten eit innlegg der han hevdar at pinsebevegelsen har eit usunt syn på Israel, og han argumenterer for sitt syn ut frå dette. Diverre ser det ut til at stadig fleire, også kristne, trur at dei støttar det arabiske folket som no kallar seg palestinarar ved å ta del i propagandaen frå korrupte og undertrykkjande islamske leiarar. Årsaka er truleg manglande kunnskapar. Det mest aktuelle no er det som feilaktig vert kalla Israel si annektering av ein del av det som staten Jordan i si okkupasjonstid 1948 – 1967 kalla Vestbreidda. Dette er ikkje annektering, men ei normalisering i samsvar med folkeretten.
I 1994 inngjekk Jordan fredsavtale med Israel og aksepterte då at Israel hadde kontrollen over Judea og Samaria (Vestbreidda) i samsvar med folkeretten. Etter dette har mykje hendt. No står det om Israel si moglegheit til å overleva som ein fri og demokratisk jødisk stat på lengre sikt. Det er viktig no med ein opplyst og sakleg debatt om dette mellom kristne!
Jødane si nærare 2000-årige flyktningsoge i Europa etter at romarane dreiv dei ut frå landet sitt i år 70 og i år 135 er interessant og til tider vond og dramatisk. Heile tida har det vore periodar der jødane har fått leva roleg og tilført omgjevnadene kulturelle og økonomiske verdiar.