Illustrasjonsfoto: Fotolia

Visdomens kjelder

Visdomsbøkene ber i seg noko djupt menneskeleg felles og gir oss eit område av tankar og visdom å ferdast i saman med alle slags menneske, med og utan kristen tru.

I skrivande stund har eg 73 dagar på rad lagt ut «Dagens Salomo» på Facebook og Twitter, små sitat frå Bibelens visdomsbøker. Det starta med Ordtaka, ei bok som etter kapittel 9 er vanskeleg å lese i nokon samanheng, fordi den i stor grad er nettopp korte ordtak. Dei er likevel lette å plukke ut og bruke som «ord for dagen».

For tida kjem dei daglege dryppa frå Forkynnaren. Den har eg grubla meg gjennom ein del gongar, og det er litt meir krevjande å rive ut enkeltvers, fordi dei er delar av større og djupe tankerekker. Neste skrift ut blir Høgsongen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva er slikt godt for? Mangt, vil eg seie. Ingen har vondt av eit gudsord på sosiale media, og mange av vennene mine på Facebook les dette og responderer. Dei gamle orda treffer. Dei er borne av ein djup visdom.

Denne visdomen kan ha eit breitt sikte og eit breitt tilfang. Ordtaka kjem frå ulike tider og ulike stader. Noko går tilbake til Salomo og visdomstradisjonen som er knytt til han frå 900-talet f.Kr. Noko er frå kong Hiskias tid omlag år 700 f.Kr., som kapittel 25-29.

Noko er stoff med direkte kjelder i den jødiske omverda, som kapittel 22-24 og 30 og 31. Som heil bok må vi truleg til åra godt etter eksilet i Babylon, men det er ingen grunn til ikkje å tru at svært mykje også er svært gamalt.

«Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager,» skreiv Sigrid Undset. Visdomslitteraturen i Bibelen er bøker som peikar på mykje av denne felles erfaringa og refleksjonen som gir seg av den. I den boka som eg no siterer frå, Forkynnaren, reflekterer forfattaren rundt det meiningslause og «fåfengte», fleire tusen år før Nietzsche sette ord på det.

Livet med sine mange sider ser i stor grad ut for å handle om å «gjete vinden». Til skilnad frå den gudlause nihilismen finn den store gamaltestamentlege filosofen likevel den forankringa som held i livet og i døden: «Tenk på din Skapar i ungdoms år!».

Visdomsbøkene handlar om livets små og store spørsmål, om kvardag og helg, om relasjonar og samfunn, om mat og drikke, om fattigdom og rikdom, om juss og rettferd.

Den neste boka som eg skal sitere frå på Facebook, Høgsongen, handlar om dei djupe kjenslene som er i sving mellom kvinne og mann, mellom to unge som kjenner hormona herje i kropp og sinn. Guds ord er midt i livet.

I både jødisk og kristen tru avdekker Ordspråka også mykje av kven Gud er. Vi blir heile tida minna om kven sin himmel vi lever under. Derfor står den sanne gudstrua og gudsfrykta sentralt. Visdom som blir henta inn frå den heidenske omverda, blir sett inn i ei ramme av Guds tanke og vilje for menneskelivet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Visdom» er naturlegvis eit nøkkelord. Ordet «chokma» på hebraisk er eit hokjønnsord. Dette er særleg lagt ut i ei breidde i Ordtaka 1-9. I delar av desse avsnitta stig Visdomen fram personifisert, som ei kvinne.

Derfor stor «V». I Ordtaka 1-9 formanar faren (kongen) son sin til ikkje å jakte kjærleiken hos dei mange kvinner. Han skal snarare jakte kjærleiken til visdomen. Reflekterer det Salomos bitre og fatale erfaring med dei mange kvinner?

Nokon vil kanskje seie at det ikkje er tilfeldig at visdom er hokjønn. Slik er det ofte i livet og. Jamvel på gresk, som er NT sitt grunnspråk, er visdomen hokjønn, med ordet «sofia». Sjølvsagt var det ikkje tilfeldig at Jostein Gaarder kalla den bestseljande filosofireisa si «Sofies verden».

Det interessante er likevel den personifiserte visdomen, særleg slik Ordtaka 8 skildrar henne. Når vi som kristne les dette, anar vi at dei som skreiv NT må ha fanga ein samanheng.

Vi kjenner igjen prologen i Johannesevangeliet, då som «Logos», han som vi kallar «Ordet», som var hos Gud, ja, som var Gud. Vi høyrer gjenklang i hymna i Kolossarbrevets første kapittel og i Hebrearbrevet 1, om han som alle ting er skapt «i, ved og til».

Slik peikar også den gamaltestamentlege visdomen fram mot Jesus Messias. Slik ser NT på det, og det er ikkje rart. Slik såg også Jesus på det. Han iretteset si tids jødiske skriftlærde for ikkje å skjøne at «skriftene», som var livskjelda deira, «talar om meg».

Han la ut for dei to på veg til Emmaus korleis «det står om han i alle skriftene». Ja, han opna forstanden til alle læresveinane med tanke på alt som var skrive om han, «så dei kunne skjøne skriftene».

Visdomsbøkene ber i seg noko djupt menneskeleg felles og gir oss eit område av tankar og visdom å ferdast i saman med alle slags menneske, med og utan kristen tru.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Samtidig teiknar dei ein himmel over liva våre og gir oss nødvendig hjelp til sann livstolking. Dei leier oss jamvel til Jesus Messias, han som er Guds visdom frå og til evig tid. Ta deg litt tid til å ause frå desse kjeldene!

Les også
Den forferdelege sumaren 2018
Les også
Ytringsfrihet under press
Les også
En annen frelseslære
Les også
Ja til frimodige kristne politikere
Les også
Nå er det på tide å komme på banen