FOR FORSIKTIGE: Ottar Myrseth
...
FOR FORSIKTIGE: Ottar Myrseth meiner mange kristne ikkje tek nødvendige konsekvensar av dei store endringane som er skjedd i den vestlege kulturen. Foto: Tore Hjalmar Sævik
Vinkar farvel til siste kristne generasjon
Del
Prest Ottar Myrseth meiner 
dagens unge vaksne er den første etterkristne generasjonen. Han saknar klarare signal 
om korleis kristne organisasjonar og 
kyrkjesamfunn vil føre trua vidare.

På 1990–talet var sunnmøringen ein av dei markante konservative prestane i Den norske kyrkja, som leiar i gruppa Samråd på Kirkens Grunn (SKG). Den liberale utviklinga i Den norske kyrkja førte til at han konverterte til Den nordisk–katolske kyrkja.

– Det har ikkje vore nokon stor kvantitativ suksess, erkjenner Myrseth.

Han kombinerer jobben som lærar ved Borgund Folkehøgskole i Ålesund med oppgåva som prest for den nordisk–katolske kyrkjelyden i sunnmørsbyen.

– På ein god søndag samlar eg like mange som Jesus samla: tolv, opplyser han. Likevel angrar han ikkje.

– Eg kunne ikkje gjort det omatt utan å ofre sjela mi. seier han og viser til den pågåande debatten om vigsel av homofile par.

– Eg prøver av og til å førestille meg med kva frimod eg kunne gå på talarstolen og seie at homofils samliv er både sant og usant. Eg måtte forakta meg sjølv heile ettermiddagen, seier han.

Les også: Nyanserer påstand om avkristning

 

Før salmane stilnar

«Siste kristne generasjon» er tittelen på ein I fokus–artikkel som Myrseth har på trykk på debattsidene i dagens Dagen.

Les innlegget her: Siste kristne 
generasjon

Han meiner den kristne kyrkja i Vesten står i krysspress mellom sekularisering utanfrå og oppløysing og forvirring innanfrå. I løpet av dei snart 15 åra han har vore folkehøgskulelærar, har han merka ein dramatisk tilbakegong i den kristne kunnskapen blant elevane.

– Frå ein tenkjer at Europa er kristna, treng det ikkje gå meir enn to generasjonar før alt er tapt, seier han.

Blant foreldregenerasjonen registrerer han at det framleis er somme som kan overlevere trua til etterkomarane.

– Men dei fleste som er fødde etter 1980, er ikkje i stand til å overlevere trua i det heile. Dei les ikkje bibelforteljingar og syng ikkje salmar med borna, seier han.

 

Folkekyrkjementalitet

Sjølv om han erkjenner at kulturen har endra seg, meiner han kyrkja også har misbrukt sjansen til å vere eit tydeleg alternativ. Som ung prest opplevde han at foreldre som kom til dåpssamtale utan å vere gifte, slo augo ned då dei fortalde dette.

– I dag er det heilt sjølvsagt at ein først er sambuarar. Det tragiske er at kyrkja ikkje har nytta høva til å markere avstanden som er oppstått mellom kyrkja sitt moralsyn og det folk lever etter. Den norske kyrkja har hamra på at ho vil vere folkekyrkje, men har aldri turt å tru at det går an å vere ei levande og viktig kyrkje på sine eigne premissar, seier han.

– Ironien og tragedien er at ein aldri har vore så lite folkekyrkje som i dag. Statistisk sett har oppslutnaden om kyrkja aldri vore så liten, legg han til.

Særleg skjebnetungt meiner han det var at Per Lønning vart ståande åleine då han i 1975 gjekk av som biskop i Borg i protest mot abortlova.

– Ein har ikkje våga å røre ved samvitet til folk, for det vert for farleg, seier han.

Han åtvarar også mot å bøye seg for skuldingar om at kyrkja er sexfiksert.

– Den kyrkjelege sexfikseringa er ein konsekvens av at samfunnet er sexfiksert. Om kyrkja ikkje er sexfiksert i vår tid, sviktar ho folket, meiner Myrseth.

Innlemme unge

På denne bakgrunnen meiner han både bedehusrørsla og frikyrkjene treng å verte medvitne om kva dei faktisk vil stå for og korleis trua skal overleverast.

– Kyrkjefaderen Ireneus har lært oss at dei farlegaste vranglærene er dei som liknar mest på den sanne læra. Viljen til å skjerpe synet på kva som er den sanne læra er avgjerande. Ein må erkjenne at godtfolks syn på forskjellige spørsmål er annleis enn kyrkja sitt syn, seier Myrseth.

Han meiner eit av dei største behova er å innlemme unge menneske i det vaksne kristne fellesskapet og gjere dei kjende med den kristne gudstenestefeiringa.

– Den største svikten overfor ungdomane er at det ikkje er fleire dedikerte og integrerte vaksne som kan vise kva det er å leve som kristen, seier han.

Men han ser behov for endå breiare visjonar.

– Vi treng ein strategi for bevisstjgering av kristenfolket i Noreg. Vi kan ikkje nøye oss med at vi får vere i fred og at samfunnet elles får teie oss i hjel, seier han.

Ein båt som ber

Gjennomfleire år har han fleire stader på Sunnmøre halde eit føredrag med tittelen «Kor er alle heltane?». Han saknar at kristne søkjer å skaffe seg djupare røter, ikkje berre i sin eigen tradisjon, men i heile den kyrkjelege historia. Og han spør etter viljen til å prioritere forsamlingsbygging utan sugerør i statskassa.

– Ein treng ikkje meir enn 20 medlemer i arbeid for å kunne løne ein prest eller pastor. Ein må appellere til å vere med å bere børa, og det inneber også å bruke pengar, seier han.

Utan at det vert etablert alternative kyrkjelege fellesskap, fryktar han for at den klassiske kristne trua ikkje vil verte attfunnen om eit par generasjonar.

– Mange frikyrkjer kan greie dette, men dei vert altfor ofte ei bleik avspegling av det som skjer i den liberale store kyrkja, seier han.

Det synest han ikkje er visjonært nok.

– Kristne menneske må kvar einaste morgon spørje seg: Er eg med i ein båt som ber, seier Myrseth.

 

 

folkekirke,vesten,kirken,borgund folkehøgskole,den norske kirke,kristen,Ottar Myrseth,avkristning,bedehus,Den nordisk-katolske kirke,Det Vestlandske Indremisjonsforbund,kirke,menighet,sekularisering