STERK REAKSJON: Juristane som
...
STERK REAKSJON: Juristane som har skrive brev til statsminister Erna Solberg, meiner barnevernet i Naustdal ikkje berre har opptredd lovstridig, men også brote med humanitære og moralske prinsipp. Foto: Lise Åserud, NTB Scanpix
Ber Solberg gripe inn i barnevernssak
Del
Over hundre juristar frå fleire land ber statsminister Erna Solberg ­sørgje for at foreldra i massivt omtalt barnevernssak får tilbake fire born.

I eit brev til den norske statsministeren hevdar juristane at religionsfridomen og foreldreretten til det rumensk-norske ekteparet vart krenka då barnevernet i november i fjor henta dei fem borna deira ved akuttvedtak. Familien er pinsevener.

LES: Global D-dag mot norsk barnevern

«Vi har gjort oss kjende med fakta i saka og er djupt uroa over at overtakinga av borna var motivert av den kristne trua til familien. Barnevernets eigne dokument vitnar om det faktum at familiens tru og kristne verdiar stod sentralt i i samtalane til dei offentleg tilsette då dei diskuterte overtakinga av borna», skriv advokatane.

Flest frå USA

Mange av underskrivarane er frå USA, men det er også frå mellom anna Tsjekkia, Tyskland og Sør-Korea. På lista står også den rumenske senatoren Titus Corlatean , som er tidlegare justisminister og utanriksminister i heimlandet. Han kom til Noreg saman med ein topptung delegasjon rumenske politikarar i januar. Politikarane skulda norsk barnevern for å nytte Gestapo-metodar .

LES OGSÅ: – Familien forrådt av norske kristne

Dei fem borna var mellom tre månader og ni år gamle då dei vart henta. Den yngste fekk kome tilbake til foreldra i april etter ein dom i Fjordane tingrett .

Kritiserer splitting

Juristane viser til at den religiøse identiteten til born skal verte ivareteken når dei vert flytta frå den biologiske familien sin. Dei skriv at borna no er plasserte i heimar der dei ikkje går til kyrkje eller deler den kristne trua.

Underskrivarane reagerer også på at barneflokken har vorte splitta i tre medan dei har vore borte frå foreldra. Dei karakteriserer framgangsmåten som uakseptabel «ikkje berre på juridisk grunnlag, men også på humanitært og moralsk grunnlag».

DEBATT: Kan vi ha tillit til barnevernet?

Dei avsluttar med å be Solberg sørgje for at det yngste barnet blir verande hos foreldra permanent og at dei fire andre straks og permanent vert returnerte til foreldra.

Dagen har vore i kontakt med Statsministerens kontor for å få kommentar til brevet, men fekk ikkje respons innan vår deadline i går. Senior kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog lovar å få kome tilbake til saka i neste veke.

Oppdragarvald

Representantar for norske styresmakter har i møte med omfattande internasjonale demonstrasjonar og kritikk vist til teieplikta og dermed avstått frå å kommentere innhaldet i Naustdal-saka . Men dei har avvist at saka har med tru å gjere.

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) understreka overfor Dagen i januar, då ho fekk spørsmål religionsfridom i barnevernet, at borns rettar står sterkt i Noreg.

– Det finst ingen heimel i barnevernlova for omsorgsovertaking ut frå religion, men det er forbode å slå born. Det som skjer i familien, er ikkje lenger ei privatsak, sa Horne.

LES MER: Norsk pinseleder reagerer på anklager

Naustdal-foreldra er under etterforsking for oppdragarvald. Dei har sjølve vedgått bruk av fysisk avstraffing, mellom anna i intervju med BBC i april, men berre i milde former og ved einskilde tilfelle.

Sjokkert medstudent

I går melde NRK Sogn og Fjordane at mora som er fråteken fire born, studerte saman med den noverande barnevernsleiaren i Naustdal frå 2008 til 2010. Dei tok eit deltidsstudium i psykososialt arbeid for born og unge ved Høgskolen i Sogn og Fjordane. Då jobba dei i same studiegruppe. I lag med tre-fire andre studentar leverte mora og barnevernleiaren ei oppgåve saman som det vart gitt karakter på.

Syster til mora, Inger Elisabeth Baunedal, fryktar at barnevernleiaren har handsama systra ekstra strengt for å unngå å bli skulda for å handsame ei tidlegare studievenninne på ein mild måte.

D-DAG: 16. april vart det arrangert demonstrasjonar i 20 land med utgangspunkt i Naustdal-saka. Biletet er frå demonstrasjonen i Oslo. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix
 

Karna-Lise Bloch, som også var medstudent med dei to og er kollega med mora ved barneavdelinga på sjukehuset i Førde, deler uroa til Baunedal.

– Her er det etter mi meining gjort eit gedigent overtramp med dramatiske konsekvensar for heile familien, og særs for barna, seier Bloch til NRK Sogn og Fjordane.

KOMMENTAR: Demoniseringen av Norge

Rådmann Øystein Bang-Olsen avviser overfor NRK at barnevernsleiaren er inhabil.

– Retten kjende til dette spørsmålet då saka var oppe i tingretten i mars. Retten la ikkje vekt på relasjonen mellom barnevernleiaren og mora, seier Bang-Olsen.

Han får støtte frå jusprofessor Jan Fridtjof Bernt.

– Ein må nærast vere bror og søster for å bli kjend inhabil, seier Bernt.

Baunedal synest dette er uforståeleg og meiner det må gjerast noko med lovverket.

Kristen interesse

Barnevernssaka i Naustdal har vekt særleg stor interesse i kristne miljø internasjonalt. Tysdag i neste veke saka vere utgangspunktet for ein rundebordssamtale om forholdet mellom stat og familie under det årlege European Leadership Forum i Polen. Konferansen samlar over 700 evangeliske kristne leiarar frå heile Europa. Psykolog Einar Salvesen , som har hatt kontakt med foreldra i Naustdal og retta skarp kritikk mot korleis barnevernet har handtert saka , skal delta.

Det same skal Dagen-redaktør Tarjei Gilje .

– Eg er der ikkje for å representere nokon part, men for å seie litt om korleis saka har vorte framstilt og oppfatta, seier Gilje.

barnevern,einar salvesen,erna solberg,inger elisabeth baunedal,naustdal,pinsebevegelsen,religionsfrihet,romania,solveig horne,tarjei gilje,solberg,statsministeren,titus corlatean,fjordane tingrett,statsministerens kontor,anne nordskog,naustdal-saken,karna-lise bloch,øystein bang-olsen,jan fridtjof bernt,barnevernet