Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
Eit dokument for vår tid
I dag er situasjonen ein annan enn han var på Hauge si tid. I dag har me overflod av pengar og materielle ting. Men evangeliet har kome i vanry.
Tysdag 20. oktober 2020 stod det på trykk eit fyldig og godt dokument i Dagen: «Kirkens grunn og menneskelivets grunnvoll.»
I innleiinga ovanfor stykket vart det opplyst at det var «en erklæring om det tokjønn-baserte ekteskapet, og en apell til Storting og regjering om å verne foreldreretten og tros- og ytringsfriheten».
Dokumentet er tydeleg fundret på Bibelen og tar opp aktuelle saker og problem i den utviklinga me har sett når det gjeld kjønn og samliv særleg dei siste 20 åra.