Allment: Jon-Roar Bjørkvold fortel at ein syng for små barn i alle kulturar.

– Kan redde mange familiar

Jon-Roar Bjørkvold er professor i musikkvitskap og skreiv den fyrste doktoravhandlinga i verda om musikalsk barnekultur. Han meiner song og musikk er ein god måte å knytte band mellom foreldre og barn. Aller helst skulle han sett at både mor og far blei med på babysong.

Pappa må på banen

Han trur mange familiar kunne blitt redda viss fedrane hadde djupare band til både barnet og mora.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg har ein enorm respekt for fødslar, men kvinna får i pose og sekk som nybakt forelder. Barnet er født med eit fellesskap med mammaen gjennom fødsel, amming og hormonar. Vårherre gjorde ein stor feil då han ikkje forplikta mannen meir enn han gjorde. Pappa må gå aktivt inn for å byggje relasjonar til barnet. Det er alt for mange ekteskap som går sundt. Viss pappaen er sterkare relasjonsforplikta til barnet vil han kjenne meir på det fantastiske fellesskapet mellom dei tre partane.

Far si rolle i forhold til borna er kjepphesten til Bjørkvold. Han meiner far bør involvere seg mest mogeleg, tidelegast mogeleg, og skulle ynskje samfunnet hadde tilrettelagt betre for dette.

– Både babysong og timar på helsestasjonen burde bli lagt på ettermiddagstid slik at også far kan vera med på viktige hendingar i dei fyrste månadane i livet til barnet, seier han.

Sosial helse

Bjørkvold trur populariteten til babysong-gruppene rundt om i landet i stor grad handlar om dette med relasjonar.

– Dette har med den sosiale helsa til barnet å gjera, og eg trur det finnest eit veldig behov for stadar med fokus på dette, seier den erfarne musikkforskaren.

Bjørkvold forklarar at det ikkje er nokon prinsipiell forskjell på å snakke og synge til barnet, men at song likevel har sine fordelar.

– Song er som ublanda solbærsaft. Song er destilert tale. Det emosjonelle kjem endå tydelegare fram, og ein får luka vekk forstyrringane. Heile kulturdanninga skjer i desse musikkmøta, og det er ei veldig kraft i song. Eller som eg brukar å seie; songen er det fyrste du møter, og det siste du mistar. Så sterkt er det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Professoren trur det var denne krafta som fekk 2,2 millionar både kristne og ikkje-kristne til å fylgje med på «Salmeboka minutt for minutt»-sendingane tidelegare i haust.

Høyrer i magen

At menneske kan kjenne på korleis musikk knyter band frå dei er heilt små er Bjørkvold ikkje i tvil om. Han seier undersøkingar viser at barn kjenner att stemma til mor alt det fyrste levedøgnet. Men på dette punktet er det ikkje så lett for far å koma på banen.

– For at barnet skal høyre frå andre en mor si når det ligg i livmora må ein opp i 65-70 desibel. Det betyr at far i praksis må skrike til barnet, så det kan han godt la vera viss han vil skape ein god relasjon, fastslår forskaren.

Les også
Tusen lastet ned salme-app i helgen
Les også
Roses av Hanne Krogh«Vi feirer jul»
Les også
Den fyrste songBabysong
Les også
Børud som folkepedagog
Les også
KORKen av for julestemningAnmeldt Juleplate