Kosar seg: Mor Elin Merete Flannum fortel at sonen Jonas Ullebø-Flannum blir «kjempegira» av å vera med på babysong.

Den fyrste song

Ein tenkjer kanskje på dåpen som det fyrste møtet smårollingar har med kyrkja. Men mange spebarn har vore innom lenge før det.

På det lappverket av tepper, puter og laken ligg det elleve pludrande småborn. Foreldra, nokon rutinerte på det som skal skje, andre heilt nye, sit på kne bak borna og slår av ein prat med naboen. Rundt omkring ligg diverse fargerike rytmeinstrument i ei herleg blanding med smokkar og bittesmå ytterjakker med teddybjørnøyrer på. I det sokneprest Signe Sandberg stemmer i med dåpssalma «Det skjer et under i verden» , syng alle dei vaksne, og nokon av dei små, med. Utan så mykje som ein jukselapp. Det er tid for babysong i Årstad menighet.

Meiningsfullt

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sokneprest Sandberg var med på å dra i gong babysong akkurat her for omlag ti år sidan. Då tenkte ho at ho ikkje var god nok til å leie an i songen, i dag seier ho dei har senka ambisjonsnivået. Alle skal kunne vera med med den stemma dei har. Også den som leier opplegget.

– Det er meiningsfullt å oppleve at dei aller minste samlar seg om dei fine lydane, og også prøvar sjølv, meiner Sandberg.

Ho fortel at kyrkjelyden har gått for ei ordning der ein ikkje melder seg på, men dukkar opp dei måndagane ein kan. Det kostar 20 kroner å vera med. Då er frukt etterpå inkludert. Det er inga nedre aldersgrense på tilbodet, sjølv om det vert sagt at borna får mest glede av det frå dei er seks veker og oppover. Den øvre aldersgrensa set seg sjølv. Når dei spring vekk frå sirkelen der opplegget foregår, er det på tide å finne seg ei småbarns-songgruppe.

Låg terskel

Martine Øyo har som vanleg tatt med seg sonen Laurits til Årstad menighet for å gå på babysong. Ho merkar at Laurits synest det er moro med musikk, og at han reagerer på lydane. Kvar gong dei kjem til eit visst punkt i songen «Her sitter vi og ror, i vår lille båt», blir veslemann nemleg sinna.

– Det er ein litt melankolsk song, så eg trur kanskje det er det han plukkar opp, seier mor.

Både Øyo og «naboen», Signe Solvang, er einige i at det er veldig vanleg blant nybakte foreldre å gå på babysong. Men at det er på grunn av mangel på andre tilbod til smårollingane vil dei ikkje vera med på. Dei ramsar opp babykino, babypilates, babysømjing og babybootcamp, som dei har prøvd fleire av sjølve.

At det likevel er så mange som møter opp i kyrkjer og kristne forsamlingshus landet rundt med småborna sine for å synge, trur dei har fleire grunnar. Dei drar mellom anna fram som argument at det skjer i nærmiljøet, at det er billig, og har låg terskel.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kristne songar

Begge mødrene vil karakterisere forholdet sitt til kyrkja som «vanleg». Med det meiner dei at dei går der ved nokre høve i løpet av året, men ikkje så mykje meir.

– Eg synest ikkje det gjer noko at det skjer i kristent regi, og at me syng kristne songar. Dessutan verkar det ikkje for dominerande, meiner Øyo.

På spørsmål om dei trur mange ikkje-kristne som går i kristne babysong-grupper synest det religiøse innhaldet er ubehageleg, ser dei nesten litt uforståande på meg.

– Då hadde dei vel ikkje kome hit, spør Solvang retorisk.

Sårbar periode

Babysong var eit ord som dukka opp i Noreg i 1995. Ruth Elisabeth Engøy Solberg var blant dei som starta det heile. Det skjedde då ho blei tilsett i Frelsesarmeen som ville satse på musikk blant dei aller minste. Delvis på modell frå Sverige byrja arbeidet med å lage eit musikksamspel mellom vaksne og born, og å setje dette inn i ein kristen samanheng.

– For oss har målet vore å formidle eit positivt gudsbilete, fortel Solberg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho er likevel tydeleg på at babysong ikkje er rett stad å forkynne på. Til det er ho for klar over kva for ein sårbar og spesiell periode småbarnsforeldra er inne i.

– Ein må ikkje utnytte at dei er fulle av hormonar og stress. Foreldra skal sleppe å møte krav og forventingar hjå oss. Men me har mange bibelforteljande songar me brukar. Desse er som ei skattekiste folk kan ta med seg og hente fram når dei til dømes møter vanskelege livssituasjonar.

Dette har Solberg fått fleire tilbakemeldingar på at folk har gjort. Songen om Jesus som kastar ut garnet på den andre sida av båten har hjelpt ei ikkje-kristen mor gjennom fleire mørke stunder, kan Solberg fortelje.

– Det er noko med å innsjå at Gud er stor nok til å vente på oss. Me treng ikkje å køyre på med andakter som skremer folk vekk. Folk må få lov til å gå prosessane sjølve.

Voks raskt

Frelsesarmeen gjeve ut fleire materiellpakker og cd-ar, og omsett opplegget til andre språk. Etter oppstarten i 1994 merka Frelsesarmeen at babysong-konseptet voks raskt. I dag er det framleis mange kyrkjer, men ikkje alle, som brukar Frelsesareen sitt opplegg. Skal ein finne eit ikkje-kristent alternativ må ein leite godt. Human Etisk Forbund har starta babysong i Oslo, og «Foreningen Musikk fra livets begynnelse» har musikkgrupper for småbarn med foreldre rundt i landet.

Barn er små under

Tilbake på Årstad i Bergen er dei i full gang med å synge klassikaren til Per Sivle, «Den fyrste song». Etterpå går songen rett over i «Kjære Gud jeg har det godt». Det er tydeleg at både foreldre og born kan rekkefylgja, tekstane og rørslene som fylgjer med. Babyane blir lyfta opp, snurra rundt, kosa på magen, og strokne over dei runde bollekjakane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Alle som får eit barn føler at det er eit under, seier sokneprest Sandberg etter at opplegget er ferdig, og dei vaksne sit og et frukt og snakkar saman.

– Ein kjenner på at livet er ei gåve, og livsinnstillinga endrar seg, seier Sandberg.

Ho trur dette kan vera med på å forandre nybakte foreldre si innstilling til religion.

– Det er fantastisk å vera i ein kyrkjelyd der ein kan vera der for kvarandre. Då er me der me skal vera. Me tilhøyrer alle Guds familie, seier Sandberg.

Betre enn kafé

Vesle Hermia Borge på åtte månadar har vore med på babysong i sju månadar alt. I dag er det pappa Alf som er med, i oddetalsvekene er det mamma som stemmer i saman med Hermia.

– Eg merkar at ho er veldig med i musikken, seier Alf.

Kanskje ikkje så rart når faren spelar i fleire band på fritida og har fartstid heilt frå han var deltakar i barnekoret i den same kyrkjelyden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Dette er ein betre stad å vera sosial som småbarnsforelder enn kafé, synest Alf.

Her er det plass til barnevogner og overfylte stellevesker, tolegrensa for bæsjebleieprat og amming er høg, og fokuset ligg på borna.

– Det er fin stad å møte andre i same situasjon, og snakke om barnerelaterte ting.

Alf synest det er heilt naturleg at kyrkja hans brukar tid og pengar på babysong. På den måten får ein eit breiare tilbod, og noko som appelerar til dei under pensjonsalder, hevdar han.

– Dette er med på å skape kyrkjelyd. Kyrkja skal vera eit samlingspunkt, og eg synest det er bra at den kan fungere som dette også i dag, seier den musikkglade pappaen.

Samlast: Babysong i Årstad kirke. Frå øverst til venstre, med klokka: Signe Solvang med sonen Morten Solvang. Alf Borge med dottera Hermia Borge. Martine Øyo med sonen Laurits Øyo Åsheim. Anna Nordbø Dyrbekk med dottera Åsta Dyrnes Nordbø. Ida Therese Langøen sit med ryggen til med sonen Herman Langøen Longva framfor seg. Nederst i venstre hjørne er mor Sara Nilsen med dottera Vilde Soldal framfor seg.

Babysong

Eit tilbod der småborn og foreldre kan treffast, og der ein har eit opplegg med rim og regler, song og dans.

Er som regel meint for born mellom ca ein og tolv månadar.

Starta i Noreg av Frelsesarmeen i 1995.

Mange ulike organisasjonar og kyrkjelydar arrangerer i dag babysong.

Les også
På etterskudd?
Les også
Juleartister ber kristne være rause«Vi feirer jul»
Les også
KORKen av for julestemningAnmeldt Juleplate
Les også
Synger alle julesalmene minutt for minutt
Les også
Tusen lastet ned salme-app i helgen