Kommentar
HUGSA I HEIMLANDET: Ein av mange uttrykk for medkjensle med dei bortførte og deira næraste etter 7. oktober-terroren i Israel.
Bjørn Olav Hammerstad
100 dagar sidan Noreg gløymde terroren mot jødane
At det jødiske perspektivet på krigen mot Hamas så raskt vart gløymt her til lands, er ein trist samanfall av mangel på menneskeleg innleving og manglande politisk realisme.
Det er ikkje lett å leva seg inn i situasjonen til dei som lever i etterdønningane etter den verste terroren mot jødar etter andre verdskrig. Uansett vårt «syn på» krigen mellom Israel og terrororganisasjonen Hamas, bør vi prøva.
Gløymde gislar
Sist sundag var det hundre dagar sidan 7. oktober-angrepet mot Israel. Det vart raskt gløymt. I dag, om lag, er det nemleg hundre dagar sidan det offentlege Noreg og norske overskrifter gløymde den bestialske terroren som fann stad på israelsk landjord.