NYBROTTSARBEID: Tor Soppeland startar opp søndagsmøte. Stilen på tale og musikk vil vera gjenkjenneleg for mange bedehusfolk.
Alice Tegle
Tor saknar den gamle musikkstilen på bedehuset. No tek han grep
Inviterer til fellesmøte for alle som saknar piano, forsongarar og Sangboken.
«Jeg har kjent lusa på gangen før. Det begynte i et bedehus på Vestlandet, med sanger om djevelens bånd, vekkelsesmøter og et barn som gråt fordi hun ikke kunne si at hun løy – for da ville hun lyve. Som var livredd for å havne i unåde», skreiv podkaster og P2-programleiar, Hilde Sandvik, i ein kronikk i Aftenposten denne sommaren.
Men der nokre minnest maktmisbruk og gråt frå bedehusa i Ryfylke, ser andre tilbake på barndommens bedehus med glede.
Den pensjonerte bonden og tidlegare KrF-politkaren Tor Soppeland er ein av dei.