KRISTEN: Kjenner du deg misforstått, oversett eller kanskje trakassert fordi du er ein kristen? spør Egil Sjaastad.

Timoteus og oss:

Tunge trengselstider

Timoteus vart tidleg vitne til forfølging og trakassering. Medarbeidarane hans gjennomgjekk smertefulle ting. Sjølv måtte han også igjennom litt av kvart, det minner Paulus han om: Du har etterfølgt meg i «forfølgingar og lidingar».

Dette innebar også eit liv «innanfor murane». I ei gladmelding i Hebrearbrevet les vi: «De skal vita at Timoteus, vår bror, er sett fri» (Hebr 13,23). Han hadde altså vore i fengsel. No prøvde han å kome til hektene og leggje nye planar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit av bøneemna Paulus la fram for medkristne, var at han ikkje måtte bli teken til fange (f.eks. Rom 15,31). Trengsler skal altså ikkje oppsøkjast.

Her i landet er vi sparte for fengsling og fysisk tortur. Men vi har kanskje møtt haldningar i slekt med dei Timoteus og Paulus opplevde. Ifølgje Bergpreika er ikkje dette underleg. Da er det godt å ha lovnader om at Gud vil hjelpe oss å møte dei ulike situasjonane på ein klok måte.

Tradisjonen seier at Timoteus vart drepen i år 97. Da hadde han stridd den gode striden og fullenda løpet sitt her på jorda. Rettferdskransen venta.

Kjenner du deg misforstått, oversett eller kanskje trakassert fordi du er ein kristen? Da har du lov å tenkje framover mot dagen da du – saman med Timoteus – får stå i den kvite skaren.

God helg i Jesu namn.