OMVENDING Sjølv vart ikkje Timoteus fengsla, men seinare fortalde han ofte om dei store undergjerningane Gud gjorde den natta Paulus og Silas sat i fengsel. Og tenk: Også fangevaktaren vart omvend, skriv Egil Sjaastad.

Timoteus og oss: Minnerike opplevingar

Timoteus reiste saman med to erfarne misjonærar, Paulus og Silas. No var dei komne til Filippi. På ulike vis fekk Timoteus ei bratt læringskurve. Men noko hadde han sjølv alt lært: Kva ein la vekt på i samtalar med jødar. Mor og mormor var jødar. For få år sidan sat dei i samtale med Paulus – og oppdaga at Skriftene peikar fram mot Jesus. Store ting!

Det same skjedde med dei jødiske kvinnene ved ei elv her utanfor Filippi.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Timoteus hadde også alt sett korleis evangeliet nådde ulike sosiale lag. Her i Filippi kom både fattige slavar og rikfolk til tru. Ja, den rike forretningskvinna Lydia inviterte misjonærane til å bu gratis i heimen sin.

Sjølv vart ikkje Timoteus fengsla, men seinare fortalde han ofte om dei store undergjerningane Gud gjorde den natta Paulus og Silas sat i fengsel (Apg 16). Og tenk: Også fangevaktaren vart omvend. Han møtte sidan trufast fram i Lydias huskyrkje!

Timoteus hadde djupe spor i sjelslivet frå barneåra i Lystra. Vekene i Filippi sette også sine spor. Når han seinare vart freista til mismot, kunne fortida inspirere til frimot.

Kanskje også du har minnerike opplevingar frå kristent arbeid? Lat dei inspirere deg! Og hugs: Jesus Kristus er den same – i dag og alle dagar (Hebr 13,8).