DJUPE SPOR: I sjelslivet ber vi alle med oss djupe spor frå barneåra, skriv Egil Sjaastad.

Timoteus og oss: Djupe spor i sjelslivet

I sjelslivet ber vi alle med oss djupe spor frå barneåra. Klimaet i heimen, livsideala som rådde, skakande opplevingar, måten lærarane møtte oss på – alt sette spor som vi ikkje så ofte tenkjer over.

Timoteus vaks opp i ein heim der mor var jøde, og far var grekar. Guten vart difor ikkje omskoren. Men mors haldningar prega likevel oppsedinga. Gudstrua hennar skein igjennom. Ho ville gi vidare det ho sjølv bygde livet på. Paulus skriv til sonen hennar « … og heilt frå barndommen kjenner du Dei heilage skriftene» (2Tim 3,15).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bibelforteljingane og salmane fekk prege det indre livet i heimen – utan at far sette seg imot dette.

Da guten var blitt tenåring, skjedde noko. Paulus og Barnabas kom til Lystra. No vart dei gamle tekstane lyskastarar – mot Jesus. Både mor, mormor og Timoteus erfarte at Skriftene «kan gjere deg vis til frelse ved trua på Kristus Jesus». Dei tok steget og slutta seg til flokken av nye kristne i byen. Ei ny glede braut fram.

Mange som les Dagen, møtte kristentrua alt i barneåra. De var vitne til heilstøypte kristne som både ba og vitna om Jesus. Det sette spor.

Kanskje var ikkje barneåra berre gode. Men for min del vil eg likevel takke for dei djupe spora i sjelslivet som Guds ord fekk skape – alt då eg var liten gut.