LANG REISE: Vigdis Berland Øystese har arbeidd med doktorgraden om salmetekstar gjennom ein lang karriere som lærarutdannar.
Odd Mehus
– Salmespråket er blitt meir abstrakt
Doktorgraden til Vigdis Berland Øystese viser påfallande endringar i kva som har vore sunge i kyrkja.
«Kyrkjeleg biletbruk. Eit studium av den norske kyrkjesalmen» er tittelen på doktorgradsavhandlinga som Berland Øystese nyleg forsvarte ved Universitetet i Bergen.
– Eg har vakse opp med salmar. Til frukost var det Blix med «Syng i stille morgonstunder» og «Sjå dagen sprett i auster-ætt», siterer ho til Dagen.
Over 300 år