NYANSAR: Hans M. Bringeland er imponert over kapastiteten til Ole Hallesby, men har også kritiske innvendingar til den teologiske tenkinga hans.
Tore Hjalmar Sævik
Professor beklagar at det er «helvetestalen» Ole Hallesby vert hugsa for
Eit djupdykk i teologien til Noregs mest kjende kristenleiar på 1900-talet har overraska professor Hans M. Bringeland.
Søndag 25. januar 1953 spraka desse orda frå titusenvis av norske radioapparat:
«Jeg taler sikkert til mange i kveld som vet de er uomvendt. Du vet at om du stupte død ned på golvet i dette øyeblikk, så stupte du like i helvete».
Bak mikrofonen i Storsalen i Oslo stod Ole Hallesby. Utsegnene som NRK radio kringkasta, skulle utløyse den heftigaste teologiske debatten i landet i heile etterkrigstida.