AVKLART: Den teologiske tenkinga om sjukdom hadde Aksel Lygre avklart lenge før han vart sjuk.
Tore Hjalmar Sævik
Prest med Parkinsons forkynner at Gud kan gjere folk friske
Aksel Lygre vil ikkje tone ned forventningar om at Gud kan gripe inn.
Morgonsola fell inn gjennom vindauga i Moster nye kyrkje. På denne staden er 152 år nytt i kristen forstand. Her steig Olav Trygvasson ifølgje soga i land i 995, feira gudsteneste og reiste kyrkje.
Dagens prest gler seg over den kristne arven, men minst like mykje over at gudsliv og kristent fellesskap er noko han kan erfare i dag.
– Det er utruleg at ein kan ha det så kjekt på jobb, seier Lygre som har sett seg på ein stol på ei av dei fremste radene.