STUDIUM: Pastor Andreas Bakke har brukt medlemer i eiga forsamling som informantar i mastergradsarbeidet sitt.
Tore Hjalmar Sævik
Mange 50-åringar forsvinn frå kristent arbeid. Pastor trur han veit kvifor
Andreas Bakke har studert korleis fleire kan verte ståande lenger i frivillige oppgåver.
For vel eit år sidan var pastoren i Misjonssalen i Ålesund intervjua i Dagen om mastergradsarbeidet som han hadde starta på. Det handla om motivasjon av frivillige. No har han fullført og fått godkjendt oppgåva.
– Det har vore kjempespennande og veldig lærerikt, seier Bakke.
Studiet har han teke ved NTNU, og seks medlemer i forsamlinga hans har vore informantar.