Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

RØTTER: Gitarist Knut Reiersrud trakterer gitaren på Notodden bluesfestival.

«La lyset frå fyret skine på meg»

Ein klassikar frå svarte kyrkjer kasta ny glans over det eg hugsar som ein barnesong frå kvite bedehus.

Publisert Sist oppdatert

Som tenåring vart eg oppslukt av gitar. Blant det eg fann inspirerande, var innspelingane til strengekunstnaren Knut Reiersrud og tangentvirtuosen Iver Kleive.

På albuma «Blå koral» og «Himmelskip», og seinare fleire andre, møttest jordnære gitarar og himmelske orgeltonar i nyskapande arrangement av norske og europeiske salmetonar.

Eg fekk også gleda av å sitje på nesten fremste benk då Reiersrud og Kleive hadde konsert i Herøy kyrkje, der eg var døypt og konfirmert. Få år seinare brann kyrkja ned natt til andre juledag. Men det er ei anna historie.

Powered by Labrador CMS