GLASMÅLERI: Eit glasmåleri av Jesu himmelfart som er designa av Tiffany Studios i Grace United Methodist Church in Harrisburg, Pennsylvania.
Luis Andres Henao / AP / NTB
Kristi himmelfartsdag: Fridag i landet med flest muslimar, men ikkje i landet med flest kristne
Noreg er mellom eit mindretal av tradisjonelt kristne land i Vesten som markerer dagen med raudt i kalendaren.
39 dagar etter første påskedag kjem Kristi himmelfartsdag. I år fell han på torsdag 14. mai.
Det er fridag i Noreg og dei andre nordiske landa, samt mellom anna Tyskland, Nederland og Austerrike, ifølgje timeanddate.com.
Derimot er det ikkje fridag i til dømes Storbritannia, Canada eller Australia.