SONGEVANGELIST: Even Ydstebø (31) syng salmar og andre bedehussongar på gamlemåten.
Alice Tegle
Even (31) har brukt ein tredjedel av livet på bedehusmusikk
Allereie som 8-åring debuterte Even Ydstebø som songevangelist. No skal småbarnsfaren undervisa bibelskuleelevar i den evangeliske songskatten.
«I dag er det nåde å få, men snart fra din dør kan han gå. Og banker han enn, så lukk opp min venn, før kallet går frå deg igjen», syng vesle Even Ydstebø, åtte år og songevangelist på Evangelistens Bibelkonferanse på Frekhaug i 2003.
Hundrevis av framføringar, to album og 23 år seinare, er kjærleiken til den gamle bedehusmusikken like stor.
– Det er den stilen eg har vakse opp med, og som eg blei glad i. Innhaldet i dei songane har vore til hjelp i mitt personlege gudsliv og forma meg. Derfor vil eg dela dei med andre, seier songevangelist Even Ydstebø.