MARIT TJELLE DRABLØS: Misjonærbarn på 90-tallet.
Helene Reite Uglem
Etter år med terapi forsto misjonærbarnet Marit kvifor ho alltid kjende på ei uro ved leggetid
− Dette er ei vanleg historie. Ei grå historie, seier Marit Tjelle Drabløs.
Bak skuffene under køysenga på internatskulen i Japan er det eit holrom. Enkelte kveldar gøymer ho seg her. Ligg heilt musestille til kysten er klar. Ho veit ikkje heilt kvifor. Det er holrom i minna også. Men ho hugsar at ho gøymer seg mykje.
Kroppen byrjar å hugse
Som barn tenker ho at ho gøymer seg for den som står. Eller for ei husmor som spring etter henne med vinterjakka. Det var kanskje dei tinga også. Ein uskuldig gøymeleik.