Etter 57 års jobb i misjon og hjelpearbeid er Gunnar pensjonist
– Svært takksam for at eg fekk Guds kall og har fått vere med, seier evangelist og gründer Gunnar Hamnøy.
Denne sommaren har vore spesiell for den energiske forkynnaren og gründaren. Etter til saman 57 års teneste i Misjonssambandet og hjelpeorganisasjonen NSP-Aid, har han gitt stafettpinnen vidare.
– Det kjennest litt rart, seier 76-åringen.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Stovedøra i Skodje på Sunnmøre står open og slepp inn lufta frå den frodige hagen. Dei første plommene er allereie modne.
Allierte i mange miljø
Heilt sidan sunnmøringen var 19 år gammal har han farta rundt med Guds ord og for å hauste inn pengar til misjon og bistand i Afrika, Asia og Sør-Amerika.
– Eg opplever at mi rolle har vore å få med den eine handa og gi med den andre, seier han.
Innsatsen har sett han i kontakt med alt frå Eliteserien i fotball og travhestmiljøet til næringslivsfolk og kulturbransje.
Men hans eigne har heile tida vore det kristne lekfolket. Framleis er han engasjert i arbeidet på det lokale bedehuset.
– Vi opplever god tilstrøyming av mellom anna barnefamiliar, fortel han.
Vekkingsforkynnar møtte veggen
Som heilt ung forkynnar reiste han rundt med møtekampanjar som kunne vare i vekevis.
– Eg har verkeleg fått oppleve gamle dagars vekkingar, seier han.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Som ungdom trudde han det ville vere umogleg for han å snakke i mikrofon, for han streva tungt med stamming.
Men det løyste seg då han begynte å reise rundt som evangelist.
Forkynnarverksemda hadde likevel sin pris.
– På starten av 1980-talet møtte eg veggen nokså kraftig, seier han.
Ein kristen forretningsmann hjelpte Hamnøy i gang med eit agentur slik at han kunne ha anna arbeid.
– Eg kunne ingenting om sal, så eg måtte berre be Jesus om hjelp før eg skulle gå inn i butikkar for å tilby varene mine, fortel han.
Etter kvart gjekk det svært bra økonomisk. I fleire år jobba Hamnøy fullt som sjølvstendig næringsdrivande medan han framleis reiste som uløna predikant i rundt halv stilling. Men kona Eva kjende ei uro. Samstundes fekk ho alvorleg sjukdom.
– Ho sa at ho ikkje gifta seg med ein forretningsmann, men ein forkynnar. Ho meinte eg burde gå tilbake til å forkynne på heiltid.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Uroleg for tapte pengar
Sjølv om Hamnøy understrekar at ekteparet alltid har vore opptekne av å leve nøkternt, såg han mørkt på å gå tilbake på misjonsløn. Det ville verte vanskeleg å få endane til å møtast for familien.
– Eg har aldri oppfatta meg sjølv som ein svermar. Men då eg sat ved skrivepulten min, datt Bibelen berre opp på Jesu ord til Peter om at han ikkje skulle vere redd, for heretter skulle han fiske menneske. Dette opplevde eg så sterkt at eg berre sende frå meg heile firmaet, fortel han.
Dette skjedde i 1988. Framover hausten og vinteren begynte han likevel å angre.
– Eg sa til Eva: Eg taper store pengar kvar dag på å følgje Jesus. Då sa ho: No må du slutte. Du kjem aldri til å tape på det.
Vendepunkt i Etiopia
Evangelisten innsåg at han ikkje kunne halde fram på denne måten. Løysinga kom då at han følgde misjonsleiaren Osvald Hindenes til Etopia, Kenya og Elfenbeinskysten i 1989.
– Det var midt under forfølginga av dei kristne i Etiopia. Då forstod eg verkeleg kva det er å vere rik. Det er ikkje å ha mykje pengar.
– Korleis vart dette eit vendepunkt for deg?
– Eg var ikkje klar over at eg var i ferd med å bli ein materialist. Det er først når du prøver å frigjere deg frå noko at du merkar du er bunden.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Reiste verda rundt
Ein glød vart tent i Hamnøy for misjon blant menneske som ikkje har hørt evangeliet, og for å hjelpe til dei som lid naud.
Gjennom mange reiser til land i Afrika, Asia og Sør-Amerika kom han tett på både behova og misjonsarbeidet.
Inntrykka sine formidla han gjennom tallause artiklar og radioprogram, i alt frå kristne blad og aviser til Sunnmørsposten og NRK.
– Ikkje minst fekk vi mykje inn i Dagen, fortel han.
Fotball-innsamling for svoltne
Under koronatida begynte han å ordna utklipp han har samla frå oppslag i diverse publikasjonar.
Førebels er det blitt seks tjukke blå bøker som står i eit hjørne i stova.
Utklippa fortel om eit liv med overveldande mange initiativ og erfaringar. Ein gong vart heile Eliteserien i fotball med på å samle inn pengar til svoltroka i Etiopia.
Ein annan gong fekk han flytta maskiner frå ein nedlagd møbelfabrikk på Sunnmøre til Kenya. Og fleire gonger fekk han samla millionbeløp til misjonsstasjonar og skular.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Aldri har han hatt garanti for at det skulle gå bra.
– Eg har ikkje valt den lettaste vegen. Men eg har berre gått i gang, seier han.
Erfaringa har vore at gode hjelparar dukkar opp undervegs.
Innsats for foreldrelause
Då han vart 62 år, trappa Hamnøy ned innsatsen i Misjonssambandet til 25 prosent fram til han fylte 67.
Parallelt hadde han innleia eit samarbeid med forretningsfolk frå heile Noreg for å få i gang investeringar for verdiskaping i Kenya.
Satsinga gjekk ikkje heilt etter planen, men etter nokre år det i staden fram eit arbeid for foreldrelause born i Kenya.
Organisasjonen North-South Partnership Aid, med kotforma NSP-Aid, har bygd opp og betalar for drift av barneheimar, skular og ein farm i landet. Ein har også prosjekt i nabolandet Etiopia.
Hamnøy fortel om plassar langs kenyakysten som vitnar om at han nesten er like godt kjend der som på sunnmørskysten.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Organisasjonen har eit kristent verdigrunnlag, men mange av prosjekta er allmennyttige og har fått støtte frå både norske og elevaksjonar ved offentlege og friskular. Innsamlinga har auka frå rundt 60.000 kroner det første året til over 11 millionar i fjor.
– Til saman har vi samla inn cirka 75 millionar, fortel han.
Fekk påvist kreft
I fjor haust hadde Gunnar Hamnøy med seg dei tre borna og familiane deira til Kenya.
Då han kom tilbake, merka han at formen ikkje var så god som tidlegare.
Etter undersøkingar kom eit resultat han ikkje ønskte seg: Han hadde kreft i prostata som hadde spreidd seg til skjelettet.
Han er svært takksam for at kroppen responderer godt på medisinen.
– Legane seier at eg kan ha mange gode år enno.
Samstundes legg han ikkje skjul på at sjukdomen pregar både kvardagen og energinivået. Derfor var han glad for å gi frå seg ansvaret som dagleg leiar til Anders Myrene frå nyttår.
Hamnøy understrekar at han er svært takksam for forbøn og omtanke frå vener og støttespelarar.
– Eg har eit stort nettverk rundt i landet og i Kenya og Etiopia, seier han.
Fred over all forstand
– Korleis påverkar sjukdomen gudsforholdet ditt?
– Den påverkar det veldig, seier han.
Då legen formidla diagnosen til forkynnaren, responderte han med at det ikkje er noko som råkar ein kristen utan at det først har passert Jesus.
– Eg er glad for at vi kan gå til Jesus med alle ting og så gler eg meg over å få eige den freden som overgår all forstand, seier han med referanse til Paulus´ ord i Filipparbrevet 4.
Ein sjukepleiar sa til Hamnøy at han verkar til å ha ei forunderleg stor tru.
– Då sa eg at det har eg ikkje, men eg har ein forunderleg stor Jesus.
Etter å ha vore forkynnar i to generasjonar, synest han dette er ei stor gåve at kristenlivet hans er blitt stadig enklare.
– No handlar det berre om å få kvile i at Gud skal bevare hjartet og tankane i Kristus Jesus.