KRAFT: Johanne Thingnes Leira er prosjektleiar for ungdomsprosjekt i Førde.
Agathe Solsvik
Diakon i Førde: – Ungdom opplever at tru er tabu
Johanne Thingnes Leira meiner det bør vere like trygt å seie at ein går i kyrkja, som at ein spelar fotball.
Thingnes Leira er prosjektleiar for ungdomsfellesskapet KRAFT og ungdomsdiakon i Førde kyrkje.
Leira flytta heim igjen til Førde i 2024 og starta då som prosjektleiar for KRAFT.
Sidan den gong har ho jobba med å finne ut korleis dette tilbodet skal sjå ut, og korleis kyrkja best kan satse på unge i Førde og plassane rundt.