RUSSISK: Før hadde dei berre bibelen tilgjengeleg på russisk. No har dei fått bibelen på hjartespråket.
Sergey Ponomarev
Den lange vegen mot ein bibel på hjartespråket
Dei var nye kristne i eit nytt land og lengta etter å lese Bibelen på sitt eige språk. Ein nordmann har arbeidd i over 20 år for å gje dei Guds ord på morsmålet.
– Eg gret då eg heldt den nyomsette bibelen i hendene første gong, seier «Salamat».
Stadig fleire av Bibelens bøker var blitt tilgjengelege digitalt. Men først i 2022 kom umit-bibelen frå trykkeriet. Etter 27 års arbeid.
Salamat strevar med å finne ord for kor stort det var å ta i den fysiske Bibelen, stryke fingrane over omslaget og bla i dei flortynne sidene.