Ukens salme
Kvelds-salme: «Dagsens auga sloknar ut,
kveldsol ned i vester glader.» Bildet viser solnedgang ved Fure-neset på Stad.
Kari Fure
Dagsens auga sloknar ut
Tante Inger miste språket til slutt, men salmar kunne ho likevel syngje.
Ho var i sitt 93. år. Dei siste par åra kjende ho meg ikkje att når eg vitja henne på sjukeheimen i Selje, men når eg sa at eg var dotter til bror hennar, Aslak, aksepterte ho det.
Det siste halvåret vart det vanskeleg for henne å snakke. Ho lo då eg vitja henne i påska og fortalde gamle historier frå Ytre-Fure, men streva med å finne orda då ho ville utfylle historiene.
På slutten av besøket føreslo eg at vi kunne synge eit par påskesalmar. Ho nikka.