BØN: – Du kan ikkje fjerne Gud frå røynda. Han er rundt oss på alle kantar, og vi kan høyre ham om vi er stille nok, seier Bear Grylls som er ein av støttespelarane bak den tverrkyrkjelege britiske bøneveka.
Wikimedia Creative Commons
Bear Grylls gir kjendishjelp til britisk bøneveke
I Storbritannia leiter stadig fleire seg fram til kristen tru, og i haust samlar kristne seg på tvers av kyrkjesamfunne til felles bøn om ei landsdekkjande andeleg fornying.
National Week of Prayer arrangerast frå 6. til 14. september, og ifølgje den offisielle lanseringsvideoen er det klare teikn til ei brei kristen oppvakning i Storbritannia.
– To millionar fleire menneske går i kyrkja i Storbritannia no enn for seks år sidan, peikar prosjektleiar Kam Flynn på i videoen.
Kjendisbistand