MOTSTANDARAR: Clarence Darrow (t.v.) og William Jennings Bryan snakkar med kvarandrer under ein pause i rettssaka. Begge er minna med statuar utanfor den noverande rettsbygningen i Dayton.
AP / NTB
100 år sidan rettssak om evolusjon sette fart i kulturkrig
Ein lærar frå Tennessee vart bøtelagd for undervisninga si. Framleis er motstanden mot utviklingslæra langt sterkare i USA enn i Europa.
Sist veke var det 100 år sidan læraren John Thomas Scopes vart dømd til 100 dollar i bot.
Grunnen var at han hadde undervist i evolusjonslæra, noko som var forbode i delstaten Tennessee der han budde. Handlinga var ein iscenesett protest mot forbodet, på initiativ frå American Civil Liberties Union. Og forventningane om oppstyr vart innfridde til fulle.
Sjimpanse spelte piano