Andakt
OMSETJING: I dag blir Bibelen omsett ved andre hjelpemiddel enn på Morrisons tid. Men eit slit er det, skriv Egil Sjaastad.
Joann Pittman / CC / Flickr
Løfterikt språkarbeid
«Med Guds hjelp har du sett i gang noko som alle makthavarar, mandarinar, prestar, lærde og folk i Kina aldri kan øydeleggje eller stanse. Det vil rive ned tempel, øydeleggje avgudane deira, endre liva deira og frelse mange sjeler.»
Slik skreiv misjonæren Milne til venen Morrison. For no var bibelomsetjinga fullført. I seks bind låg ho på bordet hans – med sine kinesiske teikn. Eit språkarbeid av dimensjonar låg bak. Arbeidstilhøva hadde ikkje vore enkle. For å få opphald i Kina måtte Morrison arbeide som tolk for eit handelskompani. Og han måtte leve omtrent isolert. Dei to kinesiske medarbeidarane hans gjekk stadig med gift i lomma. Kvifor? Fordi dei ikkje ville risikere å bli kasta i eit brutalt fengsel. Ingen i Kina skulle nemleg hjelpe utlendingar å omsetje kristne skrifter.
Ein kan skjøne Milnes ord: «Med Guds hjelp.»