Andakt
STOR BETYDNING: Dei to første Kina-misjonærane var begge gifte og dei betydde svært mykje både for mennene sine og for arbeidet. Dei var ikkje berre to. Dei var fire misjonærar, skriv Egil Sjaastad.
Adobe Stock
Konene
Dei to første Kina-misjonærane var begge gifte. I ettertid må vi innrømme at konene burde ha fått større omtale. Dei betydde svært mykje både for mennene sine og for arbeidet. Dei var ikkje berre to. Dei var fire misjonærar.
Rachel Milne var spøkefull og evnerik – med eit sterkt misjonærkall. Ho var viktig i nettverket omkring høgskolen for kinesarar i Malakka.
Men sorga banka snart på døra. To av borna døydde. Sjølv vart ho alvorleg sjuk. Ho døydde i 1819 etter sju års ekteskap. Milne sjølv døydde tre år etter, 37 år gamal.