TAKKE-EMNE: I dag reknar ein med at det er 70 millionar evangeliske kristne i Kina. Eit takke-emne det skin av!, skriv Egil Sjaastad.

Førstegrøda

Mykje skjedde i 1814. Langt borte frå Noreg, inne i Kanton i Kina, skreiv misjonær Morrison i dagboka si:

«Ved foten av ein høg bakke, vella det fram ei kjelde. Der kunne ingen sjå oss, og der døypte eg Tse A-ko i namnet til Faderen, Sonen og Den heilage Ande … Måtte han bli førstegrøda av ei stor innhausting, ein av dei millionane som skal tru og frelsast frå Guds vreide.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

To år etter kunne medarbeidaren Milne gjere det same. Han hadde besøkt Morrison i Kanton. Den unge kinesaren Leang Afa vart med han tilbake til Malakka. Han skulle hjelpe til i litteraturarbeidet. Snart vart også han døypt.

Nokre år seinare møter vi att Leang Afa, denne gongen hos Morrison inne i Kina. No studerte han Bibelen og kristen litteratur. Ein dag la Morrison hendene på han, ba for han og sende han ut. Leang Afa vart den første nasjonale evangelisten i Kina. Som kinesar kunne han operere friare enn utlendingane.

Morrison sjølv heldt fram med språkarbeidet, innestengt på eit handelsområde i Kanton. Einsamt? Ja. Men gleda over å få fullført den kinesiske Bibelen – og gleda over «førstegrøda» av døypte – var hans store inspirasjon.

I dag reknar ein med at det er 70 millionar evangeliske kristne i Kina. Eit takke-emne det skin av!