HEILAG ELD: Ein eld er tent. Og denne elden i hjarta er heilag, for han er tent av englesongen om Guds kjærleik, skriv Egil Sjaastad.

«Ein heilag eld»

På Blix si tid var Noreg eit fattig land. Mange budde i små og trekkfulle hus. Men julekvelden kunne likevel glede og lovsong fylle heimane.

Det er dette Blix held fram i salmen «Sæle jolekveld». Gleda kan samanliknast med klåre flammar som stig opp frå «åren» (omnen eller eldstaden):

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Sæle jolekveld!

Lat ein heilag eld

stiga høgt i logar klåre

upp ifrå vår låge åre,

brenna i kvart bu

høgt i takk og tru!»

Blix kjende nok også til julekveldens glede over gåver, god mat og familiehygge. Men her gjeld det ei djupare glede: Gleda over det som gjer julekvelden «sæl» – salig. Om innhaldet i englesongen kjem innafor vesten, blir det ein brann her inne. For Jesusbarnet er Guds hand, rekt ut mot syndarar. Han oppfyller lovnadene om frelse. Sjølv om vi lever i fattige kår, gjer Gud oss rike. Gjennom Jesus tar han seg av oss. Ufortent.

Når dette går opp for oss, får julegleda si rette adresse. Det blir takk og tillit, vendt mot Gud sjølv. Opp frå våre enkle stover (vår «låge åre») stig flammane – i «logar klåre»! Ein eld er tent. Og denne elden i hjarta er heilag, for han er tent av englesongen om Guds kjærleik – slik han møter oss i barnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I dag vil eg saman med Blix be om at denne brannen må finnast «i kvart bu», d.e. alle heimar og alle hjarte!