NAIROBI NESTE: Magnus Ånestad (KrF) planlegg for å ta med familien sin til Kenya for å gå på bibelskule.
Helene Reite Uglem
Politikar søkjer om fri for å gå på bibelskule: – Ei investering i familien
Magnus Ånestad (KrF) gler seg til å møte det han før berre har sett gjennom lysbileta på bedehuset.
Livet kan vere travelt for ein som både er lokalpolitikar og bonde.
Men på nyåret skal KrF-politikaren Magnus Ånestad ut av hamsterhjulet i tre månadar, om kommunestyret i Hå seier ja.
– Familien er det viktigaste. Dette er ei investering i det, seier han.