GÅR OPP: Talet på amerikanske søkjarar til norske folkehøgskular har auka mykje.
Foto: Lars Asp
Norske folkehøgskular merkar Trump-effekt
Folkehøgskular i Noreg får stadig fleire søkjarar frå USA. Somme les dette som eit utslag av at unge amerikanarar er usikre på framtida i Trump sitt Amerika.
Denne våren – i løpet av president Trump sine første 100 dagar i Det kvite huset – har norske folkehøgskular hatt ei auke på 14 prosent i søknadstala frå USA samanlikna med våren i fjor.
Dette skjer i ein fase der talet på søkjarar til folkehøgskulane generelt aukar sterkt. I fjor haust vart det meld om 40 prosent auke frå året før. Dorte Birch er dagleg leiar ved Informasjonskontoret for folkehøgskolen, og ho trur unge amerikanarar, særleg dei som er av norsk avstamming, let seg fascinere av Noreg, men meiner òg å sjå ein slags Trump-effekt.
– Eit delt land