TRUFASTE: Vidar Åsebø (t.v.) og Helge Åkernes er to av mennene som deltek på kafébøn stort sett kvar fredag.
Tore Hjalmar Sævik
Kvar fredag møtest menn på kafé for å be
Bønegjengen har utvida opningstida på ein kafé på eit av Noregs største handlesenter.
Klokka 07.00 ein morgon i november er det mørkt ute og stille inne på AMFI Moa i Ålesund. Det glitrar i pynt og utstillingar, men Espresso House er den einaste staden det er opne dører.
Grunnen er at det er fredag og «Haugerom».
– Vi har namnet frå Hans Nielsen Hauge, fortel Vidar Åsebø.