BESØKSGARD: Kvart år opnar Monica Riska Siqveland og familien garden sin for besøkjande. I år vart det publikumsrekord.
Helene Reite Uglem
Kristen bonde «metta 5.000» med ekte julestemning på garden
Men det ligg ei djupare meining bak alle nissane ho har på låven.
Familien på sju har eigentleg nok å gjere med mjølk-, storfekjøtt- og smågrisproduksjon. Men mor i huset, Monica Riska Siqveland, ville noko meir med den store tomta på Jæren.
I 2020 starta familien Siqveland difor opp med arrangementet «Barnas jul – nissar og dyr» som dreg tusenvis av menneske kvart år.
– Eg har alltid ønskt meg ein open heim, men hadde ikkje trudd det skulle komme 5.000 i år, seier fembarnsmora.