FØRJULSTID: Sjelesørgjar Guro Brakestad opplever at visse tema går igjen i samtalane før jul.
Gunnhild Lønning
Fleire kvir seg til jul: Dette er sjelesørgjaren sine beste råd
Jula lovar håp og fred, men for somme vekkjer ho uro, sorg og einsemd. Sjelesørgjar Guro Brakestad møter menneske som ikkje ser fram til den store høgtida.
Inn på kontoret til Guro Brakestad i Sandnes kjem det menneske i ulike livssituasjonar og med ulike bekymringar. Dei har til felles at dei treng nokon å snakka med, og helst utan filter.
Brakestad er utdanna familieterapeut og er leiar i Fermate Rogaland, der ho jobbar som rettleiar eller sjelesørgjar. Ho har òg ei lita stilling som samtaleterapeut for studentane i Stavanger.
Med meir enn 15 års erfaring frå samtaleverksemd fortel ho Dagen kva som ofte går igjen i samtalane like før jul, og kvifor ein del kvir seg til høgtida som står for døra.