DELING: Misjonsleiar Nils Fredrik Rifsgård i Indremisjonsforbundet og dagleg leiar Marit Hårklau Ådnanes i Indremisjonssamskipnaden ser potensial i læring mellom forskjellige bedehus.
Tore Hjalmar Sævik
Blir oppglødde av dei som brenn for bedehuset i bygda si
Indremisjonsleiar Marit Hårklau Ådnanes samlar lokale styre for å spreie inspirasjon og idéar.
Den uvanlege sprengkulden ute er fort gløymd når ein kjem inn døra på Tørvikbygd bedehus i Hardanger. Her er det lunt i både bokstaveleg og symbolsk forstand.
Handtrykk og smil vert utveksla mellom representantar frå bedehusstyre i mellom anna Norheimsund, Jondal og Samnanger.
– Gratulerer med at du har teke deg tid til å kome, seier Hårklau Ådnanes i mikrofonen.