UIO-VENN: Ken Helser (80) kom heilt frå USA for å feire UIO sine 30 år i Skien.
Helene Reite Uglem
Amerikanske Ken (80) valde bort rockekarriere og hippie-liv – vart norsk misjonsvenn
Ken Helser (80) levde for musikk, marihuana og damer. Så opplevde han at greip Gud inn og la skeptiske nordmenn på hjartet hans.
Den rustne stemma er velkjent for mange i Ungdom i oppdrag (UIO). Den rutete skjorta, dei same historiene og den treffsikre humoren også.
Det kraftige skjegget har blitt litt kvitare sidan sist, og han må støtte seg litt.
Men replikkane er like kjappe som før.