VEREIDE: – Folkehøgskulane var eit svar på spørsmålet om korleis ein kunne bevare kristne ungdomar i trua, seier historikaren Andreas Tjomsland.
Nordfjord folkehøgskule
Slik fann kristenfolket i Nordfjord vegen vidare etter vekkingane
Korleis kunne unge i kristne familiar omvende seg frå eit liv dei ikkje hadde levd? Dette er historia om ei vekkingsrørsle som prøvde å tilpasse seg nye tider.
Matias Orheim er 16 år. I pinsa i året 1900 er han til stades på eit kristent friluftsmøte i heimbygda Stårheim. Han sit i utkanten av stevneplassen saman med vener frå det frilynte ungdomslaget.
Dei følgjer møtet med motvilje og ønskjer talarane, Ludvig Hope og Thormod Rettedal, dit peparen gror. Men dei er også nysgjerrige.
Hjå Matias smeltar motviljen. Han merkar at dei kristne ungdomane har ei forunderleg glede og kjenner ein lengt.