BONDEN: Dyra er glade i bonden sin, og bonden er glad i dyra sine.
Odd Mehus
Bedehusmann og bonde i spagat: – Eg likar meg best blant rabulistane
Per Hilleren angrar ikkje ein augneblink på at han sperra riksvegen i tre timar med traktor.
Verva er framleis tunge, men arbeidsmåten annleis for den tidlegare hærføraren for bøndene i Sogn og Fjordane. Per Hilleren tek venleg imot oss på heimebøen i dalen med det litt overlessa namnet Sogndalsdalen. Så ber han oss vera gilde og flytta bilen som vi har parkert framfor innkøyrselen til fjøset. Dette er mjølkebilen sin plass, og doningen med tank på ryggen er snart ventande i tunet.
Per Hilleren er ein mann det ikkje er lett å setja på ein formel. Som bondelagsleiar er han talsmann for kraftige verkemiddel i kampen for å halda opp eit levedyktig landbruk i distrikta.
Som medlem av bispedømeråd og kyrkjemøte kjempar han for at det framleis skal vera plass til prestar av det gamle slaget – i Per Hillerens vokabular gjerne omtalt som dei bibeltru som står på Guds ord og ikkje let seg driva av ver og vind og skiftande folkemeiningar.