Vår i Negev-ørkenen

Eg har hatt ein draum i mange år, om å sjå ørkenen i Israel i full blomst. Endelig er eg her, men våren i år er den tørraste på mange år.

Bla deg gjennom de vakre bildene øverst på siden

Ein venn av meg kom­men­ter­te - da va no litt longt å reisa for noken bloma. Han tenk­te kan­skje eg kunne be­stil­la noken frå ein bloms­ter­bu­tikk på hjør­net hel­ler.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er langt å reisa. Fly­rei­sa er ein ting, og vel er Is­rael eit lite land, men å køyra frå Je­ru­sa­lem til midt­en av Ne­gev-ør­ke­nen er også litt pro­sjekt.

Eg lei­ger meg ein liten Suzu­ki-bil, det var den siste dei hadde hos Avis denne dagen, og kan­skje ikkje den heilt ny­as­te. Det eg har sett av is­rae­la­rar bak rat­tet gjer meg ikkje meir trygg på at dette er eit sik­kert pro­sjekt. Men eg kan ikkje snu no. Eg har tenkt på dette i flei­re år.

Eg skal fange våren i Is­rael. Ør­ke­nen som blø­mer. Eg har sett ny­de­le­ge bil­der av raude tep­per av ane­mo­ner ute i ør­ke­nen. Det eg aller mest har lyst å finna er blo­mar som veks rett opp av san­den.

Ja­nu­ar og fe­bru­ar er tid for regn i Is­rael, og mars er vår­må­nad fram­for noken. I ja­nu­ar be­stil­te eg bil­let­ta­ne, tur til Is­rael førs­te veka i mars. Etter at dei var be­stilt slut­ta det å regna i Is­rael. I heile ja­nu­ar og fe­bru­ar kom det berre noken drå­par med regn. Eg vart litt uro­leg.

Då flyet nærma seg Tel Aviv fekk vi be­skjed om at alt elek­tro­nisk ut­styr måtte slå­ast heilt av fordi det var vans­ke­leg å landa. Det var nem­leg sand­storm i Is­rael, og dår­leg sikt.

- Sand­storm, tenk­te eg, og såg for meg kor­leis det såg ut i Negev. Om der hadde vore nokre få blo­mar som hadde over­levt tør­ken, så hadde dei vel heilt sik­kert stro­ke med i sand­stor­men. Kan­skje eg måtte grava dei fram?

Den førs­te nord­man­nen eg traff i Je­ru­sa­lem, sa at eg burde ha kome i fjor, og så la ho ut om kor vak­kert det var, i fjor.

Her sit eg altså i den vesle Suzu­ki­en min, på mo­tor­vei­en sør­over mot Negev. Rundt meg vert det meir og meir ørken.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei fles­te eg hadde snak­ka med an­be­fal­te meg å dra nord­over, hel­ler enn sør. Der er meir dogg og stør­re sjan­se for å finna vår­blo­mar. Men det var blo­mar i ør­ke­nen eg hadde lyst å finna. Eg hadde fått kon­takt med ein bo­ta­ni­ker ved uni­ver­si­te­tet i Je­ru­sa­lem, han var den ein­as­te som hadde gitt meg eit lite håp.

- Ør­ken­blo­mar toler tørke betre enn andre blo­mar, var hans kom­men­tar. Eg prata med han på te­le­fon og fekk gode tips til kor der kunne vera mulig å finna noko.

Men pro­sjek­tet mitt skul­le møta meir mot­stand. Etter ein stopp, vil ikkje bilen star­te igjen.

Eg prø­ver igjen, start­mo­to­ren går, men ingen ten­ning!

Eg prø­ver de­spe­rat å få start på bilen, men in­gen­ting skjer. Her er eg langt ute i Negev, det er steik­varmt og eg får ikkje start på bilen.

Det ein­as­te eg ser rundt meg er ein be­duin og den enor­me saue­flok­ken hans som han fører bort­over sand­dy­ne­ne. Dette burde eg aldri be­gitt meg ut på, ten­kjer eg, og prø­ver å finne num­me­ret til ut­lei­ga­ren.

Eg får kon­takt, og etter mykje om og men kjem eg fram til per­sonen som kan hjel­pa meg. Løy­sin­ga er svært enkel, det er eit dis­play ved sida av rat­tet der ein skal slå inn ein kode for å få bilen til å gå. Det sa dei in­gen­ting om då eg leigde bilen, og ingen kode hadde eg fått hel­ler. Men no får eg koden, og den kjem eg til å hugse ei stund.

Eg kjem til Re­vivim sør for Beer Sheba. Det ser ikkje lyst ut. Det fins nokre få spink­le blo­mar her og der i veg­kan­ten, el­lers er alt tem­me­leg ut­tør­ka. Bo­ta­ni­ke­ren hadde for­klart meg at mel­lom kilo­me­ter­mer­ke num­mer 163 og 164 skul­le eg ta inn på ein liten grus­veg. Eg fann ein grus­veg og tril­la for­sik­tig inn­over sand­dy­ne­ne. Då står dei der. Fio­let­te, store Iris-blo­mar i full blomst. Fi­na­re enn dei vi har i hagen i Norge. Bort­over san­den inn­imel­lom små torne­bus­kar står dei der som om in­gen­ting hadde skjedd. Tørke og sand­storm til tross. Eg blir der ei heil stund og tek bil­der, medan eg høy­rer drønn og ma­skin­ge­vær i det fjer­ne. Negev er fullt av mil­tæ­re an­legg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg køy­rer vi­da­re, let­ta­re til sinns, den eg er mest spent på ligg 8-10 mil len­ger ute i ør­ke­nen.

Eg lurer litt på om eg skal fort­se­tja eller snu heim­over. Men bo­ta­ni­ke­ren hadde snak­ka om vakre, ville tu­li­pa­nar som veks rett opp frå ør­ke­nen. Eg har så lyst å finna dei.

Eg kjø­rer sør­over, det blir mind­re og mind­re traf­fikk, og meir og meir ja­gar­fly og mi­li­tær­sta­sjo­nar. Eg skal heilt inn til den egyp­tis­ke gren­sa midt mel­lom Eilat og Gaza.

Flei­re gon­ger lurer eg på å snu, tenk om eg ikkje finn noko, tenk om det skjer noko anna rart med bilen, tenkt om eg ikkje får start på den igjen. Ein ør­ken­katt tus­lar over vegen rett fram­for meg, han er dob­belt så stor som ein van­leg norsk katt, har fine dus­kar på øyro og eit artig fjes. Eg får tatt noken bil­der av den, og kjen­ner at eg blir opp­munt­ra, no er eg i vill­mar­ka.

En­de­leg kjem eg til sta­den der tu­li­pa­na­ne skal vera. Eg ser og ser, men får ikkje auga på noko.

Plut­se­leg ser eg ein, to, mange små yn­di­ge blo­mar bort­over det stei­ne­te, golde ør­ken­land­ska­pet. Dei er kvite og svakt rosa, med gule støv­be­ra­rar i midt­en.

Eg går ut av bil­den. Det er stil­le, ein sval vind, kvelds­sol og ville ør­k­entuli­pa­nar som smi­ler til meg. Eg blir der ei heil stund, blir sår på knea av å lig­gja på dei skar­pe stei­n­ane og ta bil­der av tu­li­pa­na­ne.

Heim­over und­rar eg meg over at det er mog­leg. At blo­mar kan leva i dette eks­tre­me kli­ma­et. Om eg eit anna år finn eit Is­rael som blø­mer frå ende til annan, vil denne vesle ør­k­entuli­pa­nen li­ke­vel stå for meg som det ster­kas­te ut­tryk­ket for vår og nytt liv, der den står opp av san­den etter veker med tørke.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Har du sett gjennom bildeserien øverst på siden?

Les også
Verdens største underjordiske sykehus snart klartRambam Hospital i Haifa
Les også
Syriske krigsofre får hjelp i IsraelSkadde syrere til Israel