GOD STEMNING: Kantor Solveig Sørheim fylte vogn fire på pendlartoget frå Bergen til Arna med bergensviser spela på eit gamalt trøorgel. Etter kvart byrja folk å synge med på dei kjende tonane.
Odd Mehus
Trøorgel til folket
Pendlarane i vogn fire frå Bergen til Arna fekk seg ein uvanleg start på helga fredag ettermiddag.
Midt i vogna sat nemleg kantor Solveig Sørheim frå Etne og spelte Nystemten på trøorgel.
Hendinga var ein del av Bergen kirkeautunnale, festival for kyrkjemusikk, og ein moglegheit til å nå ut med trøorgelmusikk til folket.
Non stop pendlerpop hadde dei kalla hendinga på den korte togturen gjennom fjellet fra Bergen sentrum til Indre Arna.