Der Sandvik meiner den moderne lovsongen har melodiar som er vanskelege å synge for folk flest, er eg redd den kritikken i minst like stor grad fell tilbake på Sangbok-songane, skriver Jan Lillebø. Bildet er fra Passion, et ungt fellesskap som holder på å etablere menighet i Åsane. De deler bedehuset med tre andre forsamlinger.

Sangboken og moderne lovsong

Det var med blanda kjensler eg las Ove Sandvik sitt innlegg 14. september. Eg er einig med han i at Sangboken har mange perler. Men kritikken hans mot den moderne lovsongen kjem ti år for seint til å vere treffande.

Det er ein skatt!

Sangboken var lenge ei gamal og keisam bok, i mine auge. Men gjennom ungdomstida oppdaga eg på ny den skatten som Sangboken er. Som Sandvik skriv i sitt innlegg:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Her finner vi lovsanger med forkynnelse av både forsoningen, rettferdiggjørelsen og helliggjørelse. Mange sanger minner om det kristne håpet, mens andre kaller til omvendelse og tro. For mange gir denne lovsangsskatten hjelp til å tolke det indre livet med Gud i en ytre bekjennelse og vitnesbyrd.»

Og det finn ein verkeleg. Sangboken er metta av innhald som gir mat for sjela, trøyst i sorg, kraft i svakheit og hjelp til bøna når vi sjølv manglar orda. Og eg er heilt einig med Sandvik i at denne skatten må takast vare på.

Samtidig er det utvilsamt mange av songane og melodiane frå Sangboken som kjem til å døy ut, for å bruke eit brutalt omgrep. Mange av melodiane er utilgjengelege og vanskelege, ofte er det vanskeleg å få samklang mellom tekst og melodi (til dømes den originale melodien til «Å, kor rik eg er»), og ein del av tekstane må moderniserast i språk for å gjere songen oppbyggjeleg og forståeleg for dei som høyrer på eller syng med.

Der Sandvik meiner den moderne lovsongen har melodiar som er vanskelege å synge for folk flest, er eg redd den kritikken i minst like stor grad fell tilbake på Sangbok-songane.

Kontekstualisering

Eg har ein brennande iver for å bevare mykje av det Sangboken gir oss av innhald. Ikkje fordi songane er gamle, men fordi mange av dei er veldig gode. Men dersom eg, og andre, vil at dei skal bevarast, må dei kontekstualiserast. På UL som 16-åring møtte eg for fyrste gong Sangbok-songar i eit musikalsk uttrykk som eg identifiserte meg med.

For meg var det dét som starta mi gjenoppdaging av songskatten. Dersom vi vil vidareføre dei songane vi meiner har eit oppbyggjeleg og nødvendig tekstleg innhald til dagens ungdommar, må vi faktisk modernisere uttrykket.

Mange av dei gamle melodiane egnar seg godt til bruk med eit lovsangsband eller anna enkelt komp, då gjeld det berre å finne ein dyktig komponist eller musikar som kan arrangere denne melodien på ein tenleg måte. Nokre av dei gamle melodiane er rett og slett for knotete og utilgjengelege. Dersom eg meiner teksta til songen likevel er god og bør brukast, ja, då må eg setje meg ned og skrive ein ny melodi – eller finne nokon som kan gjere det. Dersom vi meiner skatten skal vidareførast, må vi gjere alt som står i vår makt for å gjere nettopp dét – til og med dersom det medfører at vi går mot våre eigne preferansar eller det vi er vande med.

For sein kritikk

Når Sandvik kritiserer moderne lovsong, tykkjer eg kritikken hans kjem seint. For ti år sidan var det i stor grad «eg skal»-setningar som dominerte, og songane kunne vere repetative og svake. Framleis blir det laga dårlege songar, ja, men mi erfaring frå bedehus-Noreg er at ein i større grad enn på lenge vurderer tekstinnhaldet på nye songar før dei blir tekne i bruk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg meiner også at det har skjedd ei dreiing i fokus i mykje av den «karismatiske lovsongen» som vi importerer. Fokuset er i større grad flytta over på Jesus og det han har gjort, og tematisk krinsar det gjerne rundt krossen og blodet.

Dette ser vi også i norsk samanheng, med David André Østby i spissen. På hans album «Eksplosjon» blir vi gong på gong vist til krossen, og vi får høyre historia om den bortkomne sonen fortald frå eit «eg»-perspektiv og retta inn i livet mitt, her og no.

Det lagast heilt enkelt veldig mykje god, kristen musikk om dagen, og det gler sjølv ein Sangbok-elskar som meg. I denne samanheng kunne det vore interessant å vite kva og kor oppdatert kjennskap Sandvik har til kva som rører seg blant dei unge når det kjem til forsamlingssongen. Eg ser ikkje den same bekymringa som han over dei «framande tonane» når eg ser kring meg, i alle fall.

«Prøv alt, hald fast på det gode»

Det tekstlege innhaldet er det absolutt viktigaste når vi snakkar om lovsong. Lovsongen skal rettast mot Gud, og skal formidle sanning om både Gud og om oss. Anten det er lovprisning, bot, bøn, takk eller kva type song det måtte vere. Uansett når ein song er laga, anten det er 1650 eller 2015, er det innhaldet og sanningsverdien i den som er viktig.

Dette gjeld både dei heilt enkle lovsongane og dei med eit tyngre teologisk innhald. Samtidig ser vi at dersom ein song skal bli brukt i dag, må den vere på eit tilgjengeleg språk og med ein god og tenleg (fin, kanskje til og med fengande) melodi som ikkje er for vanskeleg å synge, og som byggjer opp under det tekstlege innhaldet.

Eg håper at mange av dei gode songskattane i Sangboken bevarast, men då må vi faktisk pusse skatten òg. Eg håper også at vi ikkje set oss på bakbeina når nye songar kjem inn, men at vi heller gir ungdommane våre (og oss sjølv) det vi treng for å kunne vurdere om det desse nye songane formidlar er sunt og sant eller ikkje, og til å velge eit breitt utvalg songar (uansett kva år dei er forfatta) som kan vere oss til hjelp i livets mange prøvingar og vise oss Jesus, som er vegen, sanninga og livet.

For alt, også songane, skal prøvast mot Guds Ord, ikkje mot mine preferansar. Alt til Guds ære, og til oppbygging for oss.

Engasjér deg!

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: Engasjér deg!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

Følg gjerne Dagen på Facebook

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

UKENTLIG NYHETSBREV: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!


Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

Dagen er Norges eldste kristne dagsavis. På papir siden 1919. Vi gir ut avis seks dager i uken og har abonnenter over hele landet. Vi har også en eavis som kan leses hvor som helst - og når som helst.

DEBATT: dagensdebatt.no kan du selv skrive egne innlegg og publisere dem direkte på nett. Og kanskje bruker vi også innlegget ditt i avisen Dagen.

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

ISRAEL: Få med deg nyheter fra Israel og hør podcast fra Israel-korrespondenten

ANDAKT: Følg gjerne vår andakts- og inspirasjonsside

MENIGHET: Les vår faste spalte Menighetsdoktoren

HUMOR og skråblikk finner du i Krykkjebakkposten.

TWITTER: Dagen og DagensDebatt

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Bedehusets lovsangsskatt
Les også
Sangboken og moderne lovsongEngasjér deg!
Les også
Sangboka er ikke hellig