Samla kamp for forfølgde kristne

Den blodige påska for Egypts kristne ropar på handfast solidaritet frå heile breidda av norsk kyrkjeliv.

Ein skitur på fjelllet, ei appelsin i solveggen og ei lijle på ein tom trekross i kyrkja påskedag. For mange norske kyrkjegjengarar er det stikkord for ei god påskehøgtid.

Men det er ein avgrunn mellom denne fredelege norske hygga og den brutale realiteten kristne i land som Egypt og Pakistan levde i denne påska.

Sjølv møtte eg påskedag ivrige norske kyrkjegjengarar som ikkje eingong hadde fått med seg at minst 49 kristne i to kyrkjer i Egypt på palmesundag vart kaldblodig drepne av islamistiske sjølvmordsbombarar. I ein flaum av informasjon i alle slags kanalar er det altså råd å skåna seg for eller styra unna rapportar om kristne som mista livet medan dei mintest Jesu liding. Blodet frå kyrkjene i Tanta og Aleksandria ropar oss ut av kosepåske på Facebook.

Liv og død

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mange av oss her heime vil slita med å forklara ein egyptisk kristen korleis vi i praktisk liv tek på alvor at påska er den viktigaste kristne høgtida.

Egypts koptiske kristne utgjer Midtaustens største kristne minoritet – kring 10 prosent av folket. Dei lever i eit dobbelt forhold til styresmaktene: Dei er gitt konstitusjonelt vern. I praksis slit dei med diskriminering i skuleverk, arbeidsliv, forvaltning og ved bygging av gudshus.

Kristne i Egypt er lovd støtte av president Sisi. Unntakstilstanden han har erklært, kan i verste fall berre forsterka valdsnivået. Den skvisen den koptiske minoriteten er i etter at paven deira støtta maktovertakinga til Sisi, blir brukt for alt den er verd av IS som vil ramme presidenten ved å drepa kristne.

I kva grad regimet som er under harde islamistiske angrep sjølv, verkeleg kan eller vil verna den kristne minoriteten, veit vi ikkje. Kampen mot terror er sjølvsagt komplisert. Men angrepa tærer på kristnes tillit til regimets evne til å verna dei.

Vi anar dessutan konturane av eit nytt skrekkvelde: IS synest å ha flytta krigen sin til Egypt sidan dei er på vikande front i Syria og Irak. I desember sprengde ein sjølvmordsbombar frå IS 29 menneske ved den største katedralen i Kairo.

I vinter drap IS-krigarar sju kristne i Sinai for å skremma alle kristne vekk. IS lovde fleire drap. På palmesundag kom dei. Skjærtorsdag blei så tre nye kristne hus brende ned i landsbyen Minya og ein 16-åring funnen med halsen skoren over i landsbyen Qai sør i Egypt. Dette burde skremma oss til bøn og praktisk handling.

Blodig påske
Det same burde lagnaden til kristne i Pakistan gjera. Like før påske i 2015 vart to kyrkjer i den kristne bydelen Youhanabad i Lahore ramma av sjølvmordsangrep. Friviljuge vakter klarte å hindra terroristane frå å komma inn i kyrkjene, slik berga dei mange liv. 22 drepne blei det likevel. På påskedag i fjor slo ein sjølvmordsbombar til i ein park på påskedag. 75 vart drepne. Føremålet var uttrykkjeleg å ramma kristne – fleirtalet av døde blei likevel muslimar.

Desse påskeangrepa har gjort kyrkjene i Lahore fullare, ikkje tommare. Før høgtida i år åtvara politiet mot nye angrep mot kyrkjer. Heldigvis makta politiet å stoppa to sjølvmordsbombarar før dei slo til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Påska i år bør vere ein augeopnar. Det er ingen grunn til å tru at ekstremistar vil slutta å retta angrep mot kristne. At dei også brukar høgtidsdagar er tydeleg og ekstra trist.

Det er grunn til å helsa velkommen at den norske regjeringa har varsla forsterka innsats for trusfridom og dobla bistand til utsette minoritetar. Den blodige påska ropar etter handlekraftig innsats – som støtte til dei utsette og press på styresmaktene i land som Egypt og Pakistan.

Kva er ditt første tiltak for dei forfølgde etter denne påska, utanriksminister Børge Brende?

Konflikt
Stefanusalliansen feirar i år 50 år. Dei første tiåra var tidvis prega av konflikt mellom Misjon Bak Jernteppet og Den norske kyrkja. Var det forfølging bak jernteppet? Skulle norske kyrkjetoppar ta imot leiarane i dei kommunistgodkjende kyrkjene, eller lytta til ropa frå kristne som bygde kyrkjelydar som diktatura ikkje hadde godkjent? Og var kyrkjetoppar i aust i grunnen representantar for diktatura?

Denne fortida er det grunn for aktørane til å reflektera meir om, gjerne saman, for å læra for framtida. Det er uansett grunn til å håpa at vi i dagens brutale situasjon ikkje minst i Midtausten, der eit jernteppe no går, er i ein heilt annan situasjon.

Oppløftande
Den norske kyrkja er rett nok blitt kritisert for ikkje å ta på alvor situasjonen for forfølgde kristne. Men det er komme svært oppløftande signal i år. Helga Haugland Byfuglien og Berit Hagen Agøy kom i januar heim frå sterke møte med terrorramma kyrkjelydar i Pakistan. «De vi ber for blir vi glad i», sa Hagen Agøy i eit intervju i Dagen. Til Magasinet Stefanus sa Haugland Byfuglien:

«Noko av det som gjorde mest inntrykk på meg er historiene om at kyrkjene var fulle søndagen etter massakrane. Vi har møtt trussøsken som har vist oss mange teikn på håp.»

Ho hadde merka seg frykta dei pakistanske kristne kjende på for å bli gløymde. At vestlege kyrkjeleiarar kom på besøk var eitt viktig signal om det motsette. Ho varsla at Den norske kyrkja vil vurdera kva meir som kan gjerast for forfølgde i andre land enn dei landa Den norske kyrkja har samarbeidskyrkjer.

Utover ein mogeleg gjenvisitt til Egypt seinare i år kunne ho ikkje då vere meir konkret. Etter den grufulle påska nettopp i Egypt er det grunn til utfordra: Kva konkrete steg vil Den norske kyrkja ta for til dømes Egypts kristne minoritet?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forbøn
Vi gler oss stort over eitt steg som alt er teke: I mars oppmoda Mellomkyrkjeleg Råd alle norske kyrkjelydar til å be for forfølgde og diskriminerte kristne i kvar einaste gudsteneste.

Denne oppmodinga må gjentakast og vera så tydeleg at ho ikkje blir borte i ein bunke brev på kyrkjekontora. Dei som går til kyrkje på påskedag – og andre søndagar – må etterpå ikkje vera det minste i tvil om kva slags kamp kristne i andre delar av verda står i og om kva ansvar vi har for å be og hjelpa.

Bøn er viktig. Det same er kunnskap og bidrag til debatt og politisk press. Å velja kanalar for å hjelpa diskriminerte og forfølgde praktisk er likeså viktig.

Den koptiske biskopen Thomas ber kyrkjer i vest vera med og bera krossen som dei egyptiske kristne ber kvar einaste dag. 2017 må bli året der vi for alvor viser at vi står i ein felles kyrkjeleg front for å kjempa mot uretten, diskrimineringa og forfølginga. Og at vi tek opp krossen saman med dei forfølgde. Martyrane sitt blod ropar på oss.

(DETTE ER EI LETT UTVIDA UTGÅVE AV EIN KRONIKK PUBLISERT I DAGEN 24.4.2017)