BRYT: Det er ikkje eg og dei som meiner som eg, som bryt ut når me nektar å stå for dette! Det er då ikkje me som skal tenkja på å bryta ut, skriv Ingvard Hageberg.

Realitetsorientering

Eit nytt og interessant ord har dukka opp i den kyrkjelege debatten – realitetsorientering.

Ja, ordet er sjølvsagt ikkje nytt, heller ikkje saka. Det er jo det me strevar med når me skal prøva å finna veg i aktuelle kyrkjelege landskapet. Men biskopane Reinertsen og Nordhaug har i alle fall oppdaga ordet no.

Kva er så meininga med å henta fram eit så sjølvsagt ord og gi inntrykk av at no har ein funne løysingsordet som skal rydda opp og skapa klårleik i det kyrkjelege kaoset?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei må i alle fall ha kjensle av at det har vore så passeleg med orienteringssansen dei før har hatt. Eller kanskje det er realitetane som har endra seg. Dette bør dei gjera greie for sjølve, og det utfordrar eg dei på.

Eit spørsmål som må stillast er kva realitetar dei tenkjer på. Ja, eg ser jo dei meiner at ein må ta omsyn til det faktum at mange som vil høyra til kyrkja har snudd seg bort frå det klassiske synet på homofili og på ekteskapet. Vidare ser det ut som det kan bli fleirtal i kyrkjemøtet for å opna opp for kyrkjeleg vigsling av homofile par. Kyrkjelege utgreiingar har heller ikkje konkludert om kva kyrkja skal læra om ekteskapet. Så langt er me samde.

Men før kyrkjemøtet er ferdig valt, før dei har konstituert seg og før dei har sagt noko som helst om kor dei som kyrkjemøte står og kva dei meiner, seier Reinertsen (Vårt Land 31. oktober) tar eg «til etterretning at kirkemøtet nå har fått en sammensetning som innebærer at det er et nytt flertall».

Og eg tek til etterretning at Reinsertsen og Nordhaug og fire til kapitulerer og langt på veg abdiserer. Så langt eg kan sjå set dei til sides eller nedgraderer noko av sitt primæransvar som biskopar. Eg siterer frå vigsleritualet for biskopar:

«Du skal ta vare på den apostoliske læra etter vedkjenninga i vår kyrkje, og rettleia og oppmuntra tenarane hans i kyrkjelydane. Du skal utføra tenesta di med truskap, og saman med tenarane dine leggja vinn på å fremja og verna einskapen i Guds kyrkje, til pris og ære for hans heilage namn.» Til dette vart det svara ja med handslag.

Som prestar lova me dette: «at du forkynner Guds ord klårt og reint, som det er oss gjeve i Den heilage skrifta, og som vår kyrkje vitnar om det i vedkjenninga siat du trufast rettleier og formanar til sann omvending, levande tru på Kristus og eit heilagt liv i kjærleik til Gud og nesten.»

Så høyrer eg innvendinga – at det jo nettopp er einskapen de vil ta vare på. Ja vel! Kva for einskap? spør eg. Det må i tilfelle vera einskapen i bispemøtet. Nei, de legg opp til å bryta einskapen med ei samla kyrkja gjennom to tusen – 2000 – år, og de bryt læreeinskapen med store delar av den kyrkja de skal tena og med store kyrkjer kringom i verda.

Tek eg feil, er eg open for korreksjon. Det vil vera nyttig realitetsorientering å sjå grundig på dette før de går vidare i denne løypa. De kan i alle fall trygt pakka ned illusjonen om at det vedtaket som de har gjort, nokon gong vil kunna samla kyrkja vår.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg og mange med meg nektar å vera med på dette! Og det er ikkje eg og dei som meiner som eg, som bryt ut når me nektar å stå for dette! Det er då ikkje me som skal tenkja på å bryta ut. Det bør derimot dei vurdere som ikkje kan fylgja kyrkja sin læretradisjon. De får ikkje lov å ta frå meg den kyrkja eg vart døypt inn i. Dette er ein provokasjon, men eg blir i alle fall!

Det er ikkje så mange sundagar sidan det vart preika over teksten frå Markus 10,2-9 der det står slik: «Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne. Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera ein kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er ein kropp.»

Dette er me – dette er de og alle som er ordinerte til presteteneste bundne til. Dette er realitetar de som biskopar må orientera dykk ut frå. Dette er det som må liggja i botnen når de skal konkludere i denne saka. Så spør eg, og det er mange med meg som gjerne ser eit klårt og tydeleg svar: Korleis kan de få dette til å samsvara med «ekteskap for to av same kjønn?

Til slutt må eg innom biskop Nordhaug og det han seier i Dagen 31.10 «Min oppgave som biskop er å forsvare den enkelte prests mulighet for å stå på sitt syn... Min oppgave som biskop er å si at begge skal ha handlingsrom (utheva her) Eg spør: Ja, er det eigentleg det, er det slik det heng saman? Det samsvarar i alle fall dårleg med vigsleritualet for biskopar. Der står det noko heilt anna om biskopen si oppgåve.

Så spør Nordhaug retorisk til slutt «Hva er alternativene vi har?» Det kunne eg sagt ein del om, men det er ikkje mi oppgåve. Det er det Nordhaug og hans meiningsfeller i bispekollegiet som må tenkja igjennom ein gong til. Først og fremst er det deira ansvar. Men det er nok mange som gjerne vil vera med å drøfta dette. Diverre har eg lite tru på bispemøtet som forum for vidare drøfting.

Dei er som trolla på Hedalsskogen (Asbjørnsen og Moe, Norske folkeeventyr) som var tre, men delte på eitt auga og byttest om å bera det. Og betre blir det ikkje når 12 skal dela det same auga, det har me tydeleg sett.

Les også:

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Innlegg av Dagen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Les også
Med «splittet tunge»
Les også
Kan du forklare, Hallaråker?
Les også
Stålsett kritiserer bispeforslag
Les også
Bibelversene som ikke kan brukes
Les også
Prest takksam for Hallaråker-støtte